Arild Matland blir ny rektor i Kvam
Arild Matland er tilsett som rektor ved Kvam vidaregåande skule. Han ser fram til å ta til i stillinga, og ikkje minst til å vere med og byggje felles bygg og kultur når skulen skal samlokaliserast.

Matland kjem frå stillinga som assisterande rektor/avdelingsleiar ved Fusa ungdomsskule. Tidlegare har han også vore lærar på ungdomsskuletrinnet. No freista det å prøve seg i den vidaregåande skulen.
– Eg har alltid tenkt at vidaregåande er spennande. I den noverande jobben min har eg samarbeidd tett med Fusa vgs og kjenner såleis til systemet. Så når denne sjansen dukka opp, tenkte eg at det var på tide å søkje ei ny utfordring. Det er sunt å tenkje nytt sjølv om ein trivst der ein er, seier han.
Kjem inn i byggeprosess
Fylkeskommunen skal i samarbeid med Kvam herad byggje ny vidaregåande skule i Kvam. Planen er at første byggetrinn skal stå ferdig til skulestart i 2026. Då skal dei to avdelingane som i dag er lokaliserte i Øystese og Norheimsund inn i same bygg i Norheimsund. Både byggeprosess og samlokalisering blir difor viktige moment i arbeidsdagane til nyerektoren dei neste åra.
– Det blir ein spennande prosess å vere med på. Eg har med meg ein del erfaringar frå bygging av ny ungdomsskule her i Eikelandsosen og har nokre tankar om korleis byggje moderne skulebygg, seier Matland.
Skal byggje eitt lag
Han er også oppteken av kulturbygging, når tilsette ved det som tidlegare var to separate skular skal samkøyrast. Norheimsund vgs og Øystese gymnas vart slått saman til Kvam vgs i 2017, men er altså framleis lokaliserte kvar for seg.
– Her har vi to skular som har vore uavhengige og som framleis er på to stadar. Framover blir det kjempeviktig å sjå det som ein heilskap og å byggje eitt lag, som jobbar mot eit felles mål. Eg veit det er mykje dyktige folk der, som eg gler meg til å bli kjend med, seier den nye rektoren.
Matland startar prosessen med å bli kjend med skulen no i sommar, før han tek til i rektorstillinga til hausten.