17 mill. kr i støtte til strategisk næringsutvikling

– Vi gir tilskot til aktørar som er svært viktige for at vi skal nå strategiar og mål, seier Tor André Ljosland (KrF), leiar av hovudutval for næring i Vestland. Utvalet har, i ekstraordinært møte i dag, fordelt 17,22 millionar kroner i tilskot til 34 ulike aktørar innan strategisk næringsutviklng.

NeringB7107N1000.jpg
UTVIKLING: Hovudutval for næring har, i digitalt møte, tildelt over 17 millionar kroner til utvikling av næringslivet i Vestland.

Dette er aktørar som Vestland fylkeskommune skal inngå næringsretta samarbeidsavtalar for utvikling av innovasjon og næring for åra 2021 og 2022. Tilskotet til den enkelte aktør varierer mellom 100 000 og ein million kroner. Med avtalen følgjer eit økonomisk bidrag, men også eit fagleg samarbeid og nettverk for å nå mål og strategiar i Vestland.

Strategisk viktig

– Vi inngår samarbeidsavtale med aktørar som er strategisk viktige for å gjennomføre innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke. Desse meiner vi dekker faglege bidrag til innsatsområda og at vi geografisk kan nå ut til heile fylket. Avtalen vi inngår, skal gjelde for to år. Den vedtekne stønaden gjeld for i år. Vi kjem attende i budsjettet for neste år om kor mykje pengar vi då skal løyve, seier Tor André Ljosland.

40 søknader

Fylkeskommunen fekk 40 søknader om totalt 29 millionar kroner i støtte til desse samarbeidsavtalane om innovasjon og næringsutvikling. Av desse går stønaden til 34 aktørar. Stønaden går mellom anna til næringshagar over heile fylket, til Ungt Entreprenørskap, fleire medieaktørar som Vestnorsk filmfond og Media City Bergen, IT-forum, Kunnskapsparken i Vestland, Framtidsfylket, Vestlandsforsking, Matarena, Akvahub, maritim satsing, og siderproduksjon i Hardanger.

Desse 34 aktørar får støtte (pdf)

Habilitetsspørsmål

Denne saka skulle først til politisk handsaming 12. januar, men vart då send attende til administrasjonen utan vidare handsaming grunna habilitetsspørsmål knytt til fylkesdirektøren. Konstituert fylkesdirektør har vurdert saka på nytt og har gått gjennom korleis saksutgreiinga vart gjennomført. I tillegg er den opphavelege innstillinga vurdert på nytt. Fylkesdirektøren ser ikkje at habilitetsspørsmål har påverka vurderingane i saka. Tilrådingane er dermed dei same i revidert framlegg til vedtak.  

Endring i vedtaket

Utvalet gjorde ei endring i vedtaket i høve innstillinga. Sogn Næring As kjem i tillegg og får samarbeidsavtale over to år med fylkeskommunen og 75 000 kroner i år. Pengane blir tekne ved redusert stønad til Sognefjorden Næringshage med 50 000 kroner og Medvind24 Næringshage med 25 000 kroner.