11 millionar kroner til trafikktrygging

Trafikktryggingsutvalet i Vestland har vedtatt å dele ut 10,6 millionar kroner til fysiske trafikktryggingstiltak og 1,4 millionar kroner til ulike trafikktryggingsaktivitetar i fylket.

TRYGGARE VEGAR: 11 millionar kroner skal gå til trafikktryggingstiltak i fylket. (illustrasjon)
TRYGGARE VEGAR: 11 millionar kroner skal gå til trafikktryggingstiltak i fylket. (illustrasjon)

– Målet er å styrke trafikktryggleiken i kommunane våre. Kommunane sit på viktig kunnskap om dei lokale utfordringane. Difor er det kjekt å få lov til å dele ut pengar til tiltak som vil komme mjuke trafikantar til gode, seier leiar av trafikktryggingsutvalet, Jannicke Clarke.

Fagleg vurdering

Samla er det søkt om drygt 20 millionar kroner i tilskot til fysiske tiltak frå ramma på 10,6 millionar kroner. I alt kom det inn 53 søknadar frå 27 kommunar.

– Alle tiltaka det er søkt om har vore gjennom ei fagleg vurdering, som mellom anna har sett på risiko, betyding for trafikktryggleiken og kost/nytte. Tiltaka rettar seg i hovudsak mot mjuke trafikantar og utforkøyringsulykker, seier Clarke.

Ny søknadsrunde til hausten

I trafikktryggingsutvalet sitt budsjett er det også sett av to millionar kroner til trafikktryggleiksaktivitetar. Her kom det inn 36 søknader, der 1,4 millionar kroner blir fordelt på 35 ulike arrangement.

– Det vert delt ut midlar til store og små tiltak innan sykkelopplæring, refleksaksjonar, trafikksikringsdagar, kurs og organisatoriske tiltak, seier Clarke.

Då står det att 591 888 kroner som skal delast ut til trafikktryggingsaktivitetar til hausten.

Slik er pengane fordelt:

10,6 millionar kroner til fysiske trafikktryggingstiltak i kommunane

1,4 millionar kroner til 35 arrangement