– Vaksne politikarar lyttar til oss
– Eg vil oppmode ungdommen til å engasjere seg. Vi får noko igjen for det, og vaksne politikarar lyttar til oss. Vi har noko å seie, seier nyvald leiar for Vestland ungdomsutval, Mia Holdhus.
Ungdommar frå heile fylket møttest digitalt 10. og 11. april til Fylkesting for ungdom. Deltakarane kom frå ungdomsråda i kommunane i fylket. Alle kommunar er lovpålagt å ha ungdomsråd med medlemmer i alderen 13 til 19 år. Dei skal bli høyrde i alle saker som er til handsaming i kommunen og som vedkjem dei unge.
Talerøyr
Fylkesting for ungdom er det øvste talerøyret for ungdom i Vestland fylke. Dei møter ein gong i året. Mellom fylkestinga er Vestland ungdomsutval det utøvande organet og arbeidsutval for ungdommen. På fylkestinget vart det nye arbeidsutvalet vald med Mia Holdhus frå Samnanger som leiar. Dei har møte om lag ein gong i månaden.
Ikkje idrettshall og lite buss
– I to år har eg vore med i ungdomsrådet i fylket. Eg kjem frå distriktet og har erfaring med korleis det er å bu der. Vi har ikkje idrettshall, og bussen går berre nokre få gonger om dagen. Vi har ikkje møteplass, vi føler oss litt innestengde og har lite å gjere på i fritida. Her må noko bli gjort. Stemma mi er verdt noko. Eg vil bli høyrd og dei som kjem etter oss, skal ha det betre enn vi som er unge no, seier Mia Holdhus.
Vil ha meir «køyr meg heim for ein 50-lapp»
Fylkesting for ungdom har vedteke planprogrammet for tida fram til neste fylkesting om eitt år. Det omfattar alle dei viktige sakene som ungdommen er engasjert i.
– Buss og kollektivtrafikk er eit stort tema som engasjerer oss. Spesielt mange i tidlegare Sogn og Fjordane er opptatt av dette. Det er for få bussavganger, og vi må få andre høve til å reise på enn buss. Prosjektet «Køyr meg heim for ein 50-lapp» i Odda fungerer godt, og vi ønskjer at dette tilbodet blir utvida til andre stader i fylket. Dette er ei av sakene vi jobbar mest med.
Treng møteplassar
Mia Holdhus meiner ungdommen må få plassar der dei kan møtast.
– Skal vi få ungdom til å bu i distrikta og flytte heim, må vi ha noko å gjere på i fritida. Vi må få møteplassar og gode tilbod innan kultur og idrett. Vi må få hallar og opne bibliotek. Vi hadde stor diskusjon på fylkestinget om å ha debattar for ungdom på biblioteka. Kulturskulen er viktig tiltak for korpstradisjonen og dans og song. Vi må få fleire utstyrsbibliotek. Her i Samnanger fungerer det godt med tilbod om utlån av ting som kajakk, rattkjelke, rulleskøyter, rulleski, volleyballutstyr, sykkel og redningsvestar. Her finn vi alt vi treng. Det er veldig positivt å ha slike gratis tilbod, seier Mia Holdhus.
Må ha nokon å snakke med
Den psykiske helsa til ungdommen var eit anna tema som vart diskutert.
– På skulen ønskjer vi tilgang til sjukepleiar, psykolog og helsearbeidar. Mange ungdommar har det ikkje så greitt no. Det er nedstenging og att og fram frå fysisk skule til undervising heime. Vi veit ikkje kva som skjer i neste veke. Det behov for ekstra tiltak og at det blir sett av pengar til helsefagarbeidarar i skulen. Ungdomen treng nokon å snakke med.
Mindre matsvinn
Andre saker Mia Holdhus nemner er at Vestland fylke skal vere berekraftig og at matsvinnet må gå ned.
– Det er utruleg viktig å engasjere seg for ungdommen og at nokon tek den stemma og tek ansvar for sine eigne. Det handlar om å skape det samfunnet vi skal ha i framtida, og det vi vil at våre barn skal ha. Vi har klart å få til ting, og det er kjekt å få positive reaksjonar frå ungdomen, seier Mia Holdhus.
Desse vart vald til Vestland ungdomsutval (pdf)