– Mykje godt, men nokre klare manglar

– Nasjonal transportplan inneheld fleire viktige prosjekt for Vestland, og det er bra samsvar med fylkestinget sine innspel denne gongen. Eg gjev difor honnør for satsinga i Vestland fylke samla sett. Men, eg merkar meg at for fleire av dei store riksvegprosjekta ligg leveransen i stor grad i den usikre andre seksårs-perioden av planen, seier fylkesordførar Jon Askeland.

NTP: Fylkesordførar Jon Askeland er uroa over at det er sett av for lite midlar til skredsikring, både på riksveg og på fylkesveg. Fv. 615 ved Hopsstranda i Hyen har vore stengd på grunn av steinskred fleire gonger i løpet av dei siste vekene.
NTP: Fylkesordførar Jon Askeland er uroa over at det er sett av for lite midlar til skredsikring, både på riksveg og på fylkesveg. Fv. 615 ved Hopsstranda i Hyen har vore stengd på grunn av steinskred fleire gonger i løpet av dei siste vekene.

Nasjonal transportplan for 2022-2033 vart lagt fram i dag. Planen inneheld regjeringa sin transportpolitikk for dei neste 12 åra, delt opp i to seksårsperiodar. Her foreslår regjeringa økonomiske rammer på ulike område, samt framlegg til store statlege prosjekt dei komande åra.

Viktige prosjekt manglar

Fylkesordføraren peikar på at dette er ein plan som berre har økonomiske bindingar dei første seks åra, og at prosjekt som ikkje er konkret nemnd og løyvd i første seksårsperiode av NTP difor ikkje er sikra.

– For første gong er fylkesvegane prioritert i NTP, men delar av satsinga på vegvedlikehald og å ta att etterslepet på fylkesvegane inneber at fylket må bidra med eigendel. Dette er eit krevjande prinsipp, sidan det er regjeringa som løyver midlane til fylkeskommunen uansett. Dermed må fylkeskommunen flytta meir pengar til fylkesvegane for å få del i NTP-midlane. Dette kan i praksis medføra svekking av vidaregåande utdanning, eller til og med bortfall av nyinvesteringar på fylkesvegane, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

– Eg vil seia meg skuffa over at E39 ringveg aust og Vikafjellstunnelen på rv. 13 er ute, og eg set mi lit til at desse vert kjempa inn i stortingsforhandlingane. Dette gjeld også fleire viktige prosjekt på E39 gjennom nordre del av fylket, som til dømes Vadheimstunnelen på E39.

Lite til skredsikring

– Det er positivt at fleire viktige prosjekt for Vestland ser ut til å vere på plass, og gledeleg at det er sett av midlar til både veg og bane Arna-Stanghelle, E39 Storehaug-Førde, E16 Nærøydalen, E134 Haukelivegen og Bybanen i Bergen.

– Vidare er det spanande at Nye veier vil avsetje 3 milliardar til rv. 13 i si portefølje. Samstundes har fylkestinget særleg peikt på at liv og helse må prioriterast først, og at transportnettet vårt må vere trygt, framkomeleg, miljøvenleg og bidra til balansert utvikling i heile fylket. Eg er difor uroa over at det er avsett altfor lite skredsikring, både på riksveg og på fylkesveg.

For lite til å ta att etterslep

Fylkesordføraren gler seg over at det blir ei opptrapping av midlane til fylkesveg, og at det blir sett av midlar for å kompensere for meirkostnader knytt til tunneltryggleiksforskrifta.

– Det er likevel for lite til å ta igjen etterslepet, og her burde regjeringa vore meir offensive.

I framlegget til NTP 2022-2033 ligg det inne følgjande store nye statlege prosjekt i Vestland:

• Oppstart av E39 Storehaug-Førde.
• Oppstart av E39 Stord -Os (Hordfast). 1 mrd i statlege midlar i første periode, i tillegg til bruk av bompengelån.
• Oppstart av E39 og Vossebana Arna- Stanghelle (K5). Veg i 2024
• Fullfinansiering av E134 Røldal-Seljestad,
• Rv. 13 Ullensvang- Sogndal. Inn i porteføljen til Nye veier AS.
• Rv. 5 Naustdal-Erdal
• E16 Nærøydalen
• Stad skipstunnel

Større prosjekt som var med i fylkestinget sitt innspel til NTP, men ikkje i regjeringa sitt framlegg:

E39 Heiane-Ådland
E39 Romarheimstunnelen
E39 Bogstunnelen-Gaular grense
E39 Byrkjelo- Grodås
E134 Røldal-Vågslid
Rv. 13 Vikafjellet
Rv. 51 Strynefjellet
E39 Skjersura
E39 Votedalen