Ynskjer innspel til den fyrste regionale transportplanen

Arbeidet med den aller første regionale transportplanen for Vestland  fylke er i gang. No kan folk komme med innspel til planprogrammet til denne strategiske planen for samferdslesektoren i fylket.

KVA MEINAR DU? Regional transportplan 2022-2033 er ute på høyring, og publikum no sende inn høyringsinnspel.
KVA MEINAR DU? Regional transportplan 2022-2033 er ute på høyring, og publikum no sende inn høyringsinnspel.

Høyringsframlegget til Planprogram - Regional transportplan 2022-2033 (RTP) vart handsama av fylkesutvalet i går, og sendt på offentleg høyring i fylket. Høyringsfristen er 14. juli.

– Vestland har mange og ulike utfordringar innan samferdsle og transport, og Regional transportplan er eit svært viktig dokument for utviklinga av fylket, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Planprogrammet vil sikre god samhandling

Regional transportplan 2022-2033 er det øvste strategiske dokumentet for samferdsle og der den  langsiktige utviklinga  av transportsektoren i Vestland er forankra. Planprogrammet som no er på høyring blir planen for sjølve planen. Korleis skal den strukturerast? Kva plantema skal den ta føre seg? Korleis sikre god medverknad? Dette er noko av det fylkeskommunen vil ha innspel til.

– Eg håpar på mange innspel til planprogrammet og denne første delen av arbeidet, og også på engasjement i heile fylket seinare i prosessen, seier Askeland.

Planprogrammet skal skildre eit opplegg for medverknad, spesielt i forhold til grupper som er rekna å bli særleg påverka.

Trygg, berekraftig og nyskapande

Mål og strategiar i RTP 2022-2033 skal sikre ein trygg, berekraftig og nyskapande transportsektor i Vestland. RTP vil legge føringar for prioriteringane fylkeskommunen gjer innan sektoren. Planprogrammet skal gjere greie for formålet med planarbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, kva for nokre alternativ som vil bli vurdert og behova for utgreiingar.

Høyringsutkastet har fem plantema: fylkesvegnettet, mobilitet, miljøløftet, finansiering, nasjonale ansvarsområde.

Endeleg vedtak for Regional transportplan 2022 - 2033 skal skje i fylkestinget i desember 2021.

Prosessen for planprogrammet:

  • Veke 22: fylkesutvalet sender planprogrammet på høyring
  • Juli: høyringsfrist
  • September: endeleg forslag til planprogram vert lagt fram for fylkesutvalet