Vil utvide tilbodet om grunnskuleopplæring på vidaregåande skular

Ni vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune har i dag grunnskuleopplæring for minoritetsspråklege. Målet er at fleire skal gjennomføre vidaregåande opplæring.

foto av ungdomar som sit ved pc
KOMBINASJONSKLASSAR: Grunnskuleopplæring lokalisert på ein vidaregåande skule er formelen for kombinasjonsklassane. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Kombinasjonsklassane skal førebu og kvalifisere elevane til å starte i vg1. Målet er å gje elevar som treng det litt meir tid, og å auke gjennomføringa for innvandrarungdom.

Tilbodet om kombinasjonsklassane er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og kommunane. Fylkeskommunen arrangerte nyleg eit webinar for å invitere nye kommunar til samarbeid om dette tilbodet for minoritetsspråklege. Fylkesdirektøren orienterte hovudutval for opplæring og kompetanse om arbeidet i møtet 3. november.

Skal bli klare for vidaregåande

– Vi vil ha aktive samfunnsborgarar, og ein nøkkel til det er å få så mange som mogleg gjennom vidaregåande opplæring. Gjennom året i kombinasjonsklassar får elevane gå på skule med jamaldringar, samtidig som dei får opplæring på sitt nivå. Vi vil at dei skal oppleve meistring, lære seg både å gå på skule, og bli kjend med dei sosiale kodane i vidaregåande opplæring før dei startar på vg1, seier Bekka Skaasheim, assisterande fylkesdirektør for opplæring.

Elevane i kombinasjonsklassar brukar ikkje av retten sin til vidaregåande opplæring før dei faktisk startar på vg1, sjølv om undervisninga går føre seg på ein vidaregåande skule.

Stikkord: skreddarsaum

Ei rekke kommunar deltok på webinaret, som tok føre seg både integrering generelt og kombinasjonsklassar spesielt. Eit godt samarbeid med kommunane er nemleg stikkordet for dette opplæringstilbodet.

– Det er skreddarsaumen vi får til saman med kommunane som er heilt avgjerande for å lukkast med dette tilbodet. Om vi ikkje får denne elevgruppa gjennom vidaregåande opplæring, er kommunale utgifter i form av sosial- og bustadhjelp eitt av resultata i den andre enden. Det handlar om å få til god opplæring fram mot sluttkompetanse for kvar einskild elev, seier Bekka Skaasheim.

Realitetsorientering og meistring

Språkopplæring står svært sentralt i kombinasjonsklassane. Rektor Jorunn Felde ved Sogndal vidaregåande skule kan ikkje få understreke nok viktigheita av språkkunnskapar, og at elevane lærer dei sosiale kodane på vidaregåande.

–.Vi må realitetsorientere elevane på både tidsbruk og språkleg nivå – ingen er tente med at dei ikkje opplever meistring og fell ifrå opplæringa, seier Felde.

Det har vore kombinasjonsklassar ved Sogndal vidaregåande skule dei siste åra, og dette året er det 19 elevar fordelte på to klassar.

Ny integreringslov frå 1. januar

Tilbodet om kombinasjonsklassar er i tråd med enkelte av hovudpunkta i den nye integreringslova som tek til å gjelde 1. januar 2021. Nokre av måla med ny lov er tidleg integrering, varig tilknyting til arbeidslivet og økonomisk sjølvstende.

– Den nye lova legg opp til integrering gjennom kunnskap, og vidaregåande opplæring er såleis sentralt. Om innvandrarar gjennomfører vidaregåande opplæring, så seier all statistikk at det går betre for alle seinare i livet. Difor er det ekstremt viktig at denne elevgruppa gjennomfører vidaregåande opplæring, seier Ingebjørg Erikstad, som er konstituert seksjonssjef i avdeling for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune.

Med den nye lova får fylkeskommunane endå fleire oppgåver på inkluderings- og integreringsfeltet. Frå 1. januar 2020 fekk fylkeskommunane også overført ein del oppgåver frå staten på desse felta.

Tre elevgrupper

Kombinasjonsklassane er først og fremst for desse tre elevgruppene:

  1. dei utan grunnskule frå heimlandet
  2. dei med grunnskule frå heimlandet, men som treng meir opplæring før vidaregåande opplæring
  3. dei med grunnskule frå Noreg, men som treng meir fag- og/eller språkopplæring før vidaregåande opplæring