Skal løfte nynorsken i Vestland

Nynorskfylket Vestland skal jobbe for å auke bruken av og fremje nynorsk på alle samfunnsområde i Vestland fylke.

illustrasjonsfoto av nynorsk skrive på ei tavle
NYNORSKFYLKET VESTLAND: Nettverket er sett saman av både privat næringsliv, offentlege aktørar og ulike lag og organisasjonar. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Det bestemde fylkesutvalet då dei vedtok mandat for nettverket Nynorskfylket Vestland 26. november. Nettverket skal vere ein arena for deling, fagleg utvikling og språkpolitiske diskusjonar.

Samarbeid sentralt

– 20 aktørar har slutta seg til Nynorskfylket Vestland, og fylket vårt er kjerneområdet for nynorsk. Som fylkeskommune skal vi fremje nynorsken, men vi kan ikkje gjere det åleine. Å ha både det offentlege, lag og organisasjonar og privat næringsliv med på laget, er heilt avgjerande. At vi har eit klart og godt mandat å jobba etter, blir ekstra viktig med så mange aktørar og ulike interesser med på laget, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Mandatet seier at Nynorskfylket Vestland vil løfte nynorsk som daglegspråk, i digitalisering, kunst, opplæring og arbeids- og næringsliv. Nettverket har hatt to møte i år, blant anna oppstartsmøtet i juni. Vestland fylkeskommune vel leiar for og har sekretariatsansvar for nettverket.

Mandat for Nynorskfylket Vestland

Fylkesutvalet vedtok dette mandatet:

Nynorskfylket Vestland er eit nettverk som jobbar for auka bruk og fremjing av nynorsk på alle samfunnsområde i Vestland fylke. Nettverket er arena for deling, fagleg utvikling og språkpolitiske diskusjonar. Vi vil fremje nynorsk språkidentitet og klarspråk. Vi vil løfte nynorsk som daglegspråk, i digitaliseringa, i kunsten, i opplæring, arbeids- og næringsliv. Nettverket kan gje råd til folkevalde organ i nynorsksaker.

Deltakarane i Nynorskfylket Vestland representerer frivillige, ideelle, offentlege og private aktørar med regional funksjon i Vestland.