Vil ha dialogmøte om Nasjonal transportplan 2022-2033

Det blir tre regionale dialogmøte i Vestland fylke om prioriteringar til Nasjonal transportplan 2022-2033 (NTP).

NTP: I Bergen, Leirvik og Skei i Jølster blir det dialogmøte i februar om prioriteringar innan samferdsleområdet.
NTP: I Bergen, Leirvik og Skei i Jølster blir det dialogmøte i februar om prioriteringar innan samferdsleområdet.

Samferdsledepartementet har bede Vestland fylkeskommune om å kome med innspel til prioriteringar på samferdsleområdet til Nasjonal transportplan. Fylkesordførar Jon Askeland inviterer derfor sentrale samarbeidspartar med interesse for samferdsle i fylket til tre regionale dialogmøte. Nytt i år er at  fylkesordføraren ønsker å ha regionale møte i fleire delar av fylket. Ved førre rullering for fire år sida vart det eit dialogmøte i Sogn og Fjordane og eit i Hordaland.

Behov og interesser

– I Nasjonal transportplan står vi overfor mange tunge og krevjande vurderingar mellom ulike behov og interesser i Vestland. Det er viktig at fylkestinget er godt kjende med dei ulike synspunkta i fylket før høyringsfråsegn vert vedteke. I dette arbeidet vil vi ha dialog med kommunane, partane i arbeidslivet, miljøorganisasjonar, interesse- og trafikantorganisasjonar innan samferdsle og offentlege instansar. I tillegg kjem leiar i hovudutval for samferdsle- og mobilitet og andre sentrale fylkespolitikarar, seier Askeland.

Forslag til løysingar

Høyringspartane er blitt bedne om å fremje forslag til løysingar i prioritert rekkjefølgje. Fylkeskommunen må gje svar innan 14. mai 2020. Samarbeidspartane vil i tillegg bli inviterte til å gje skriftlege innspel, som vil bli lagt fram for fylkestinget før avgjerd om høyringsfråsegn. Frist for dette vert sett til fredag 3. april.

Stortingsmelding

I desse dagar arbeider samferdsledepartementet med stortingsmeldinga til Nasjonal transportplan 2022-2033. Det er forventa at meldinga blir lagt fram for Stortinget våren 2021.  

Stortingsmeldinga vil leggje grunnlag for nasjonal samferdselspolitikk og for prioriteringar innan transportområdet i denne perioden.

Dato og stad for dei tre møta er:

  • 19. februar kl. 10.00–15.00 på Radisson Blu Royal Hotel, Bergen
  • 21. februar kl. 10.00–14.00 på Stord Hotell, Leirvik
  • 27. februar kl. 09.30–13.00 på Thon Hotel Jølster, Skei i Jølster

Program og påmelding for kvar av dei tre møtane