Vestland satsar på miljøvennlege fly

– Dette er ein ny milepæl i det mest framoverlente klimafylket i landet, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at satsing på fly med nullutslepp vart lansert i dag.

NULLUTSLEPP: – Vi skal gjere Vestlandet til den fremste regionen i verda for elfly, seier fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis.
NULLUTSLEPP: – Vi skal gjere Vestlandet til den fremste regionen i verda for elfly, seier fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis.

Den nye miljøvennlege satsinga vart lansert i flyhangaren til Bergen Aero Klubb på Flesland.

– Vi har leia an i det grøne skiftet med bybane, elbilar, elferjer, elbussar og elladeinfrastruktur. No står luftfarten for tur for at vi skal få til nullutslepp innan 2030, seier fylkesordføraren i Vestland.

Planar for elfly

Ein rekke sentrale aktørar, for å få nullutsleppsfly på vingane på Vestlandet, var samla til eit samarbeidsmøte i flyhangaren på Flesland. Der lanserte dei ulike planar for elektriske fly.

  • Kommersiell flyruta med elfly mellom Bergen og Stavanger, kanskje alt frå 2023
  • Elektriske sjøfly med rundturar og taxiflyging frå Sandviken i Bergen, frå 2022-2023
  • Kommersiell flyging med 18 elektriske småfly i Bergen
– Vi er avhengige av at nokon går foran og tek initiativ. Vestland ligg i verdstoppen på satsing på elektrisk energi, seier konserndirektør Dag Falk-Petersen i Avinor (t.v.), her saman med lufthamndirektør Helge Eidsnes og konserndirektør i BKK, Jannicke Hilland, som vil bygge infrastruktur for lading av fly.
– Vi er avhengige av at nokon går foran og tek initiativ. Vestland ligg i verdstoppen på satsing på elektrisk energi, seier konserndirektør Dag Falk-Petersen i Avinor (t.v.), her saman med lufthamndirektør Helge Eidsnes og konserndirektør i BKK, Jannicke Hilland, som vil bygge infrastruktur for lading av fly.

Elfly Bergen – Stavanger

Næringsforeningen i Stavanger har teke initiativ til den elektriske flyruta mellom Bergen og Stavanger.

– Vi tek sikte på å starte kommersiell flyging i 2023 eller seinare. Infrastrukturen må på plass først. Dette kan bli den første kommersielle flyruta i verda, seier administrerande direktør Harald Minge i Næringsforeningen i Stavanger.

Lufthamndirektør i Bergen, Helge Eidsnes, ser fram til denne satsinga.

– Det er interessant med elfly på Vestlandet. Det er 160 kilometer mellom Bergen og Stavanger. Tilsvarande er det 140-150 kilometer til flyplassane i Sogndal, Førde og Florø. Dette er korte distansar som høver for elfly, seier Helge Eidsnes.

– Vi er fem millionar menneske i dette landet, men vi flyr som om vi var 50 millionar, seier Eric Lithun i bergensselskapet Elfly AS som har bestilt 18 elektriske småfly til kommersiell flyging, her i samtale med Atle Kvamme i Bergens Næringsråd.
– Vi er fem millionar menneske i dette landet, men vi flyr som om vi var 50 millionar, seier Eric Lithun i bergensselskapet Elfly AS som har bestilt 18 elektriske småfly til kommersiell flyging, her i samtale med Atle Kvamme i Bergens Næringsråd.

Utviklar elfly for 19 personar

Gründer Anders Forslund i selskapet Heart Aerospace i Sverige er i gang med å utvikle eit fly som kan passe for strekninga Bergen – Stavanger og kortbanenettet på Vestlandet.

– Dette er eit elfly med plass til 19 personar som skal vere klart i 2025. Det har ein rekkevidde på 400 kilometer og ein fart på 250 kilometer i timen. Det inneber at ein tur mellom Bergen og Stavanger vil bruke 40 til 45 prosent av batterikapasiteten, seier Anders Forslund.

BKK vil bygge ladestruktur

BKK har i mange år vore aktiv i utbygging av infrastruktur for lading. Konsernsjef Jannicke Hilland seier at BKK ser på høve til å bygge ladestruktur for elfly på flyplassane.

– Vi vil ha ein aktiv posisjon og vil eige og drifte infrastruktur for lading, seier Hilland.

– Vi kan bli dei første i Noreg som driv kommersielt med elfly, seier Daniel Boden i Scandinavian Skies som har sjøflybase i Sandviken, her i samtale med fylkesvaraordførar Natalia Golis.
– Vi kan bli dei første i Noreg som driv kommersielt med elfly, seier Daniel Boden i Scandinavian Skies som har sjøflybase i Sandviken, her i samtale med fylkesvaraordførar Natalia Golis.

Elektriske sjøfly

I Bergen har firmaet Scandinavian Skies planar om å sette elektriske sjøfly i drift til rundturar og taxiflyging frå den gamle sjøflyhamna i Sandviken

– Vi har drive med sjøfly i tre år og ønskjer å gå over til elektriske fly. Flya og teknologien finst i dag. Dette er fly med plass til inntil 10 personar. Planen er å kome i gang innan to til tre år. Det er stor marknad for slik flyging, både innan taxi og rundturar for turistar og andre. Flytida tek til dømes berre 12 minutt mellom Bergen og Rosendal. Vi kan bli dei første i Noreg som driv kommersielt med elfly, seier Daniel Boden i Scandinavian Skies.

Ny giv for småflybransjen

Selskapet Elfly AS i Bergen har bestilt 18 elektriske småfly til kommersiell flyging.

– Vi er fem millionar menneske i dette landet, men vi flyr som om vi var 50 millionar. Vi ventar oss mykje av satsinga på elfly. Dette kan gi ein ny giv til småflybransjen. I framtida blir flya mindre, men dei flyg oftare. Vi må få lading og solceller på hangarane. Det blir ein revolusjon i bransjen, seier Eric Lithun i Elfly AS.

Fylkesordførar Jon Askeland signerer avtalen etter samarbeidsmøtet om satsing på fly utan utslepp: «Eg vil vere med på å gjere Vestlandet til eit pionerområde for nullutsleppsfly».
Fylkesordførar Jon Askeland signerer avtalen etter samarbeidsmøtet om satsing på fly utan utslepp: «Eg vil vere med på å gjere Vestlandet til eit pionerområde for nullutsleppsfly».

Vestland i verdstoppen

Avinor har lenge sett behovet for overgang til meir miljøvennleg drisvtoff for flya.

– Vi har jobba med å finne erstatning for fossilt drivstoff til fly sidan 2007. Biodrivstoff var det første steget, men det blir litt meir krevjande med fly som berre skal gå på straum. Vi kan ikkje ha elfly med 180 seter. Eit niseters elektrisk fly i USA er testa. Det fungerer framifrå. Det er mange utviklingsprosjekt på gang. Den nye teknologien blir mykje lettare og enklare, og flya vil bli mindre og få større rutefrekvens. Ingen greier denne satsinga åleine. Vi er avhengige av at nokon går foran og tek initiativ. Vestland ligg i verdstoppen på satsing på elektrisk energi. Vi skal saman finne dei beste løysingane og nå målet innan 2030, seier konserndirektør i Avinor, Dag Falk-Petersen.

Samarbeidsavtalen med underskrifter etter møtet.
Samarbeidsavtalen med underskrifter etter møtet.

Intercity flysamband

Fylkesordførar Jon Askeland var svært nøgd med samarbeidsmøtet.

– Det er samsvar mellom planane til Avinor og Vestland fylkeskommune. Vi skal overta kortbanenettet i Vestland og gjennomføre neste anbodsrunde. Det høver perfekt for den nye teknologien. Widerøe jobbar med det same. Visjonen vår er at fly med nullutslepp på kortbanenettet på Vestlandet skal gi oss vårt luftborne intercity-flysamband. Vi får mindre fly som går oftare. Dette blir luftens bussamband. Vi kjem til å fly på ein heilt annan måte enn vi er vane med i dag. Næringslivet har gitt oss honnør når vi har teke leiinga. Når dei stiller krav, leverer vi, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Det grøne skiftet held fram

Fylkesvaraordførar Natalia Golis er glad for at det grøne skiftet held fram.

– Her er det mykje engasjement for korleis vi kan realisere fly med nullutslepp. Vi skal gjere Vestlandet til den fremste regionen i verda for elfly, seier Golis.