Vestland krev lærebøker på nynorsk

Fleire vidaregåande skular i Vestland har ikkje fått lærebøker og læremiddel på nynorsk i enkelte fag. I ei fråsegn krev hovudutval for opplæring og kompetanse lærebøker på begge målformer til same tid og til same pris.

MANGLAR LÆREBØKER: Hafstad er ein av dei vidaregåande skulane i Vestland som ikkje har fått nynorske lærebøker i enkelte fag.
MANGLAR LÆREBØKER: Hafstad er ein av dei vidaregåande skulane i Vestland som ikkje har fått nynorske lærebøker i enkelte fag.

I utvalet stilte Alexander Fosse Andersen, Sp spørsmål om dette og sette på vegner av Sp, A, FNB, FrP, H, MDG, SV og R fram forslag om fråsegn. Den vart samrøystes vedteken og blir sendt til forlag og andre produsentar av læremiddel.

Skal sikre lik rett til utdanning

I fråsegna blir det vist til innføring av fagfornyinga frå skuleåret 2020/21 om produksjon av nye lærebøker og andre læremiddel. Opplæringslova slår fast at grunnskulen og vidaregåande opplæring, med nokre få unntak, berre kan bruke lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på begge målformer til same tid og til same pris.

Hovudutval for opplæring og kompetanse meiner dette er eit viktig prinsipp for å sikre bokmåls- og nynorskelevar lik rett til utdanning, men er klar over at det har vore problem med å skaffe nynorskelevar læremiddel dei har krav på.

Manglar bøker i naturfag

Enkelte vidaregåande skular melder denne hausten om at det har vore problematisk å få tak i lærebøker på nynorsk. Eit døme er Hafstad vidaregåande skule som manglar naturfagbøker på nynorsk. Dette er ikkje greitt, og hovudutval for opplæring og kompetanse er sterkt uroa over at nynorskelevar ikkje får læremiddel på eiga målform. Ved innføringa av den nye læreplanen er med andre ord situasjonen igjen at nynorskelevar opplever at lærebøker på nynorsk ikkje ligge føre til same tid som bokmålsutgåver. Dette er noko hovudutval for opplæring og kompetanse ikkje kan godta.

Viktig føresetnad

Lærebøker på eiga målform er ein viktig føresetnad for lik rett til utdanning. Som eit stort nynorskfylke er det naturleg for Vestland fylkeskommune følgjer opp moglege brot på parallellitetskravet til læremiddel. Hovudutval for opplæring og kompetanse krev at forlag og andre produsentar av læremiddel klarer å levere læremiddel på begge målformer til same tid og same pris. Det er har elevane våre krav på, heiter det i fråsegna.

Tar saka opp med ministeren

I utvalet sa fylkesdirektør for opplæring, Bjørn Lyngedal, at fylkesordførar og utvalsleiar skal ta opp denne saka med kunnskapsministeren.