Vestland innfører nærskuleprinsipp

– Heretter blir ikkje inntaket til dei vidaregåande skulane utelukkande karakterbasert, men kvar du bur, vil og ha betydning. Fylkestinget håpar dette vil gjere det slik at færre ungdommar må reise langt til skulen, seier fylkesordførar Jon Askeland.

NY INNTAKSMODELL: Nærskuleprinsippet blir no lagt til grunn ved inntak til vidaregåande skular i Vestland.
NY INNTAKSMODELL: Nærskuleprinsippet blir no lagt til grunn ved inntak til vidaregåande skular i Vestland.

Fylkestinget vedtok 30. september dei nye prinsippa for inntak til vidaregåande skule.  I den er Vestland inndelt i åtte nærskuleområde: Sunnhordland, Hardanger og Voss, Stor-Bergen, Nordhordland, Indre Sogn, HAFS (Hyllestad, Askvoll Fjaler og Solund), Sunnfjord og Sogn, og Nordfjord.

Geografi meir avgjerande

Den nye inntaksmodellen inneber at alle elevar får rett til å søke alle vidaregåande skular i Vestland, men elevar i eit nærskuleområde får førsteretten til sitt område. Det blir gjennomført ved at dei får tilleggspoeng ved søknad i sitt nærområde. I tillegg får elevar i område som geografisk høyrer nært opp til eit anna nærområde, tilleggspoeng ved søknad til skular i dette nærområdet.

Desse får tilleggspoeng når dei søkjer andre nærskuleområde:

  • Elevar i Gulen til Austrheim og Knarvik vidaregåande skular
  • Elevar i Solund til Austrheim vgs.
  • Elevar i heile Alver kommune til skular i Bergen
  • Elevar i Vik til skular på Voss
  • Elevar i tidlegare Balestrand kommune til Høyanger vgs.
  • Elevar i Kvinnherad til Odda vgs.
  • Elevar i Vaksdal og Samnanger til skular i Bergen
  • Elevar i Bergen til Knarvik vgs.
  • Elevar i Bremanger til Flora vgs.
  • Elevar i Aurland til skular i Voss

Skal rette opp negative konsekvensar

Den nye innstaksmodellen for inntak skal fungere slik: Elevar i nærområde og elevar med tilleggspoeng får først skuleplass i sitt nærområde. Deretter får andre søkjarar tildelt plass.

Men om ein elev søkjer eit utdanningsprogram/programområde som nærskulane ikkje har, får eleven nærskulepoeng til alle skulane som har dette tilbodet i fylket.

Inntaksmodellen skal kontinuerleg bli evaluert. Utilsikta, negative konsekvensar skal rettast så fort som mogleg gjennom politisk vedtak. Hovudutval for opplæring og kompetanse har fått fullmakt til å gjere eventuelle justeringar.

Evaluering i stor-Bergen

Fylkestinget har vedteke ei særleg evaluering av inntaksregionen stor-Bergen. Evalueringa må gje ei grundig vurdering av konsekvensane av den nye modellen, særleg for elevar busett i Bergen med lågare karaktersnitt.

Fylkestinget legg til grunn at desse prinsippa for inntak ikkje får konsekvensar for toppidrettstilbodet i Vestland. Fylkestinget kjem attende til organisering av toppidrettstilbodet og inntaket til dette etter at sak om opplæringstilbod 2021-2022 er handsama.

Reisetidsgaranti

Fylkestinget vil og innføre reisetidsgaranti. Ingen elevar skal reise unødig langt, og difor skal ein reisetidsgaranti greiast ut.

Fylkesordføraren vil takka saksordførar Rasmus Laupsa Rasmussen (Ap) for stor innsats i leiinga av den nye inntaksforskrifta.