Vestland fylkesting prioriterer trygge vegar og Bergen - Voss
Trygge vegar og ein rassikra E16 og Vossebana mellom Bergen og Voss har høg prioritet i fylkestinget i Vestland sitt innspel til NTP. Ferjefri E39 Sunnhordland – Bergen er eit mål, men standarden må vera meir nøkternt, og først skal Stord og Tysnes bindast saman. Dette var dei mest omtalte emna i engasjert debatt i fylkestinget.
Fylkestinget i Vestland vedtok sitt innspel til prioriteringane i Nasjonal transportplan 2022-2033 for fylket i møte 12. mai.
Brei debatt om store samferdselsprosjekt
– NTP er ei av dei viktigaste sakene for Vestland, og den omfattande og gode debatten i fylkestinget i dag speglar dette. Vi har fleire prosjekt som er sentrale for samfunnsutviklinga i store regionar, og det å finne balansen mellom dei er krevjande, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Ein stor del av debatten handla om prosjektet Hordfast. Samarbeidspartia Ap, Sp, V og KrF kom med framlegg om at ein raskt må starte arbeidet med kryssing av Langenuen.
H og FrP ynskte på si side å prioritere heile Hordfast: E39 frå Ådland til Svegatjørn, medan dei andre partia ikkje ønska å prioritere dette prosjektet i det heile. Ingen av framlegga fekk fleirtal.
– Vi er ambisiøse på vegner av det nye fylket vårt og er glade for at vi no har landa dette. Det blir spanande å følgje saka vidare, og no er det vår tur til å få auka pott i NTP, seier Askeland.
Trygge vegar utviklar fylket
Fylkestinget var samstemte om at rassikring og liv og helse på vegane er noko av det viktigaste innan samferdsle i fylket no. Vegar og tunnelar må vere framkommelege og sikrast mot ras og flaum, og særleg må fylkesvegane få eit løft. Fylkestinget støttar Nasjonal rassikringsgruppe sitt krav om at alle punkt med høg og middels rasfare må utbetrast. Rassikring av E16 og Vossebana mellom Bergen og Voss er ei hovudprioritering.
– Vi ber no om at landsdelen blir prioritert i NTP, for tryggleik og for føreseieleg samferdsel både for innbyggarar og næringsliv, seier Askeland.
– E16 og Vossebana mellom Bergen og Voss er ei strekning med heilt uakseptabel rasfare og mange ulukker, denne må utbetrast raskt, understrekar han.
Det blir også stilt krav om oppstart av vidare planlegging av strekninga Stanghelle-Voss.
Vestland fylke ber også om store løyvingar til vedlikehald av fylkesvegnettet slik at etterslepet her kan takast att i løpet av ein tiårs-periode, noko som svarar til målet som Staten har for sine vegar.
Fylkestinget viser elles til behov for rassikring og til utbetring av ei rekkje andre riksvegar og på Bergensbana.
Ferjefri og opprusta E39
Visjonen om ein ferjefri og opprusta E39 står fast, som den mest sentrale transportkorridoren for heile Vestlandet. Vegane mellom fjordkryssingane må prioriterast med to felt og gul midtstripe heile vegen, og det må vere høgare frekvens på ferjesambanda inntil desse er avløyst. Fylkestinget ynskjer også ein samla plan for utbygging av denne ferdselsåra.
– Innbyggjarar og næringsliv i Vestland skapar store verdiar for Noreg, vi er mellom anna eksportfylke nummer ein. E39 gjennom fylket er rett og slett ein utrygg flaskehals mange stadar.
Det hastar med å få forsvarleg standard på denne med gul midtstripe og rassikring, slik at fylket kan bindast saman og vi kan ha ei balansert utvikling av heile regionen, også mot Europa, poengterer fylkesordføraren.
Mangfaldig vedtak
Eit punkt i innspelet til prioriteringane i NTP er ynskjet om at Vestland skal vere pilotfylke for elektrifisering innan luftfarten.
Fylkestinget viser elles til at E134 Seljestad-Røldal og Stad skipstunell allereie er blitt prioritert av Stortinget. Desse prosjekta må starte opp i inneverande periode for Nasjonal transportplan.
Vidare omtalar innspelet mellom anna byvekstavtale, strategi for klimagassutslepp og barna sin transportplan. Krav til høgfartsbreiband til alle og full dekning av 5G mobilnett for utvikling, tryggleik og beredskap i fylket er også med.
NTP 2022-2033 - Innspel til prioriteringar frå Vestland fylkeskommune.PDF
Vidare prosess:
- TIdleg haust 2020: Dialog mellom samferdsledepartementet og fylkeskommunane
- Vår 2021: Ny NTP 2022-2033 blir handsama av Stortinget