Utviklingsstipend til sju lovande idrettsutøvarar

Det vart ei annleis utdeling, men like fullt – sju idrettstalent i alderen 16 til 21 år har fått utviklingsstipend på 40 000 kroner kvar frå Vestland fylkeskommune. Seks toppidrettsutøvarar har også fått utmerking for særlege idrettsprestasjonar.

fotocollage av idrettsutøvarane som fekk utviklingsstipend i 2020
FÅR STIPEND: Sju utøvarar i sju ulike idrettar får 40 000 kr kvar i utviklingsstipend frå Vestland fylkeskommune.

Dei sju driv med stavhopp, symjing, alpint, skiskyting, volleyball, strandvolleyball og klatring. Dei kjem frå Sveio, Bjørnafjorden, Bremanger, Kvam, Stad og Bergen.

Digital overrekking

– Vi skulle gjerne vore samla og hatt våre unge, lovande idrettsutøvarar frå heile fylket, og frå både lagidrettar og individuell idrett, for å overrekke stipenda, heider, ære og applaus frå heile fylkestinget. Men slik vart det av naturlege grunnar ikkje i år. Likevel er det ei stor glede å stå for ei digital overrekking av utviklingsstipend, som vi håpar gir ein ekstra motivasjon, og som kan vere det vesle ekstra for ein gryande idrettskarriere, sa fylkesordførar Jon Askeland under den digitale tildelinga på fylkestinget 15. desember.

Fylkestinget vart avvikla digitalt, og ingen av utøvarane var såleis til stades for å ta imot stipenda. Fylkesordføraren presenterte kvar og ein på skjerm under møtet, med bilde og ei kort oversikt over idrettsbragder så langt.

Vidareutvikling og motivasjon

Dei sju som får stipend er

  • Pål Haugen Lillefosse (stavhopp)
  • Hanne Stamnesfet Næss (symjing)
  • Andrine Mårstøl (alpint)
  • Hanna Børve (skiskyting)
  • Cornelius Hilde Eikeland (volleyball)
  • Markus Mol (strandvolleyball)
  • Ingrid Kindlihagen (klatring)

Målet med utviklingsstipendet er å medverke til at utøvarane kan vidareutvikle seg innan idretten sin og motivere dei til å satse vidare. Tildelinga er gjort i samråd med Olympiatoppen Vest.

Det var kome inn 99 søknadar om idrettsstipend då fristen gjekk ut tidlegare i haust. Søkjarane fordelte seg på 36 ulike idrettar og 21 kommunar.

Kunst til særlege idrettsprestasjonar

Fylkestinget markerte òg særlege idrettsprestasjonar av utøvarar frå fylket i året som har gått. Kravet til denne utmerkinga er at utøvarane har medaljeplassering i senior-VM eller OL, og/eller verdsrekord eller siger i verdscupen samanlagt. Desse utøvarane får kvart sitt bilde i serien idrettsmotiv av den vossabaserte kunstnaren Sveinung Iversen.

Skiskytarbrørne Bø frå Stryn var to av dei som fekk utmerkinga og deltok med videohelsing frå Hochfilzen i Austerrike.

– Vi vil takke for denne prisen og heideren. Før då vi var yngre ville vi ha pengar og ikkje bilde, men no set vi kanskje vel så mykje pris på kunst på veggane. Følg med oss no fram til jul, så skal vi prøve å gje heider og ære tilbake til alle dykk som sit og ser på oss på tv-skjermen, sa brødreparet.

Dei andre som fekk utmerking for særleg idrettsprestasjon i 2020 var aquabikeutøvarane Stian Andre Schjetlein og Daniel Svae Andersen og skøyteløparane Sverre Lunde Pedersen og Håvard Holmefjord Lorentzen.

 – Viktig med stipend

Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø nytta også høve til å seie noko om kor mykje eit utviklingsstipend har å seie for idrettsutøvarar i starten av karrieren.

– Det er viktig å gje merksemd til unge utøvarar, å gje dei inspirasjon og stipend. Det kan vere ei hjelp på veg mot verdstoppen. Det er dyrt å drive idrett, og det er viktig at Vestland fylkeskommune held fram denne støtta også framover. Så lukke til alle som får stipend, dette er ei fantastisk julegåve, sa dei.

Begge verdsmeistrane fekk liknande stipend då dei var unge og lovande, og særleg Tarjei har framleis – på sett og vis – stipendet med seg rundt i verda.

– Den børsa eg brukar no, den våpenstokken eg skyt med, har eg brukt i 10–12 år. Stipendpengane eg fekk då eg var juniorutøvar, brukte eg på eit nytt våpen, som eg brukar den dag i dag. Eg kan med handa på hjartet seie at det var ei god investering for både meg og dei som gav meg stipendet, smiler Bø.