Undervisning for elevar innan yrkesfag

Frå 27. april vert det opna for at elevar innan yrkesfag på vg2 og vg3 kan få undervisning på skulen. Elles vidarefører Vestland fylkeskommune dei tiltaka som er innført i kampen mot koronaviruset.

Elevar innan yrkesfag på vg2 og vg3  kan få undervisning på skulen frå 27. april. Ilustrasjonsfoto av elevar frå  Bergen maritime vgs.
Elevar innan yrkesfag på vg2 og vg3 kan få undervisning på skulen frå 27. april. Ilustrasjonsfoto av elevar frå Bergen maritime vgs.

​​​​​​​​​​​​​​- Vi føljer vedtaka til regjeringa og helsestyresmaktene, og er glade for at vi nå ser effekt av dei strenge restriksjonane som er innført, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal. 

Dei vidaregåande skulane, dei fleste tannklinikkane og fylkesadministrasjonen i Bergen, Førde og på Leikanger vil dermed framleis vere stengt etter påske.

Elevane held fram med undervisning via digitale plattformar, men elevar innan yrkesfag på Vg2 og vg 3 kan få undervisning på skulen frå 27. april dersom dette kan gjerast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte. Elevane skal få nærare informasjon om dette i god tid før oppstart.

Akutt tannbehandling

Tannklinikkane tar framleis imot pasientar med akutt behov for behandling etter nærare avtale. Andre tilsette i fylkeskommunen skal i størst mogleg grad utføre arbeidsoppgåvene sine heimanfrå, også i tida framover.

Redusert kollektivtilbod

Rutetilbodet for bussar og Bybanen held fram med reduserte avgangar tilsvarande sommarruter eller skulefri. 

- Eg vil gjerne nytte høvet til å gje honnør til både elevar og alle våre tilsette - i skulen, i tannhelsetenesta, innanfor veg- og kollektivdrift og i administrasjonen -for måten dei har handtert denne spesielle situasjonen på så langt. Eg sluttar meg til oppfordringa til statsministeren om å stå saman, opptre kontrollert og la tiltak få verke over tid, og ser fram til den forsiktige gjenopninga av samfunnet frå slutten av april, seier Rune Haugsdal.