Treng insentiv til grønt skifte

– Vi må få fleire og sterkare insentiv slik at næringslivet, fylke og kommunar tør satse på det grøne skiftet, sa fylkesordførar Jon Askeland på Zero-konferansen om å styrke den grøne konkurransekrafta.

NULLUTSLEPP: Vestland har halvparten av dei elektriske ferjene i landet. «Møkstrafjord» trafikkerer Krokeide – Austevoll.
NULLUTSLEPP: Vestland har halvparten av dei elektriske ferjene i landet. «Møkstrafjord» trafikkerer Krokeide – Austevoll.

Denne delen av Zero-konferansen vart skipa til av Bergens Næringsråd i samarbeid med organisasjonen Skift som er eit næringsdrive klimainitiativ samansett av 36 norske selskap og organisasjonar. Formålet er å vere pådrivar for å nå klimamålet til Noreg innan 2030.

Tre kriser

Tema for konferansen var dei tre krisene olje, korona og klima. Korleis skal norsk konkurransekraft styrke seg framover, og korleis skal vi utvikle grøne arbeidsplassar og eksportnæringar?

– Vi må få djerv politikk slik at vi kan satse. Vi må lande økonomisk trygt. Vi har felles mål, men førebels haltar verkemiddelapparatet for å ta det grøne skiftet vi er klar for, sa fylkesordføraren.

Risikofylt

Askeland peikar på at det grøne skiftet er risikofylt.

– Vi skal vi få til eit skifte og bygge ny kompetanse. Men det er risikofylt i starten. Vi må få på plass eit økonomisk verkemiddelapparat. Det er ikkje godt nok i dag. Førebels er det lagt opp til at klimasatsordninga er på 100 millionar kroner. Det er så svakt at det berre er nok til éin hurtigbåt. Enova-fondet er kjempestort, men rigid regelverk gjer at vi ikkje kan bruke det. Difor skrantar verkemiddelapparatet med å få i gang eit kraftfullt grønt skifte, sa Askeland.

Grønt skifte kan stimulere eksporten

Fylkesordføraren lanserte tre hovudmål for at det grøne skiftet kan stimulere til større eksport.

– Vi må tenke at det grøne skiftet er ei stor global næring på linje med det som skjedde med olje, vasskraft og fiskeoppdrett. Her er det rom for mange små og store aktørar. Vi treng insentiv i starten for å smørje skiftet på same måte som i oljeindustrien før den vart stor. Og vi må ha ein eksportstrategi for grøn teknologi, slik at vi bygger opp kunnskap, fordi den store marknaden er global. Dette må til om vi raskt skal lukkast, meiner Askeland.

Fantastisk klimasamarbeid

Fylkesordføraren rosar entusiasmen for det grøne skiftet.

– Vestland har sett seg i posisjon. Vi har nett vedteke at vi skal ha nullutslepp innan 2030. Det er det mest djerve klimamålet noko fylke har vedteke i utviklingsplanen om klimaskiftet. Det er fantastisk gøy å sjå samarbeidet med klimapartnarane i Vestland, næringsliv, kommunar og organisasjonar. Folk vil vere med på det grøne skiftet, sa fylkesordføraren.

Teknologiskifte for hurtigbåtane

Askeland peika på at når det offentlege stiller krav, responderer marknaden.

– Vi stiller krav om nullutslepp på hurtigbåtane. Her er det i ferd med å skje eit teknologiskifte. Batteriprodusenten Corvus flytte frå Canada til Bergen fordi vi stilte krav om nullutslepp på ferjene. I 2013 var «Ampere» den einaste elektriske ferja i verda. No har vi 35 elektriske fylkesvegferjer i Hordland. Vi har fått eit volum som næringslivet ser er interessant å satse tungt på. Vi må få det endå meir kraftfullt, men ser at den økonomiske risikoen er stor. Nokre nøler med å ta sats på hoppkanten for å kome vidare. Vi må kunne lande økonomisk trygt, sa fylkesordførar Jon Askeland.

Stadig fleire grøne ferjer

Det blir stadig bygt fleire elektriske ferjer. På konferansen kom det fram at det er 70 elektriske ferjer i landet. Halvparten av desse er fylkesvegferjer i Vestland. I 2022 vil det vere 80 elektriske ferjer i landet. Og den første ferja, driven av hydrogen, kjem i Rogaland neste år.