To vidaregåande skular til sals

Eit samrøystes fylkesting har vedteke å selje dei to vidaregåande skulane i Norheimsund og Rubbestadnes.

10 MILLIONAR KRONER: Kvam vidaregåande skule, avdeling Norheimsund, er taksert til 10 millionar kroner.
10 MILLIONAR KRONER: Kvam vidaregåande skule, avdeling Norheimsund, er taksert til 10 millionar kroner.

Taksten på den vidaregåande skulen i Norheimsund er 10 millionar kroner, mens Rubbestadnes vidaregåande skule er taksert til 15,71 millionar kroner.

Samanslåing i Kvam

Øystese gymnas og Norheimsund vgs. vart 1. januar 2017 slegne saman til Kvam vidaregåande skule. I 2027 er planen å samle skulen i eit nybygg på tomta til gamle Norheimsund ungdomsskule. I mellomtida blir skuledrifta samla i Øystese, mens yrkesfaga teknikk og industriell produksjon (TIP) og elfag (EL) blir verande i Norheimsund.

På den nye skuletomta blir det først bygt verkstadlokale til TIP og EL. Planen er å selje den vidaregåande skulen i Norheimsund og leige delar av areala attende til dei nye verkstadlokala står klare.

Rubbestadnes vidaregåande skule har ein takst på 15,71 millionar kroner.
Rubbestadnes vidaregåande skule har ein takst på 15,71 millionar kroner.

Samanslåing på Bømlo

Rubbestadnes vgs og Bømlo vgs skal slåast saman til ein ny skule på Bremnes. Grunna manglande fasilitetar på Bremnes, skal faga TIP, EL og naturfag få lokale i nybygget til Unitech på Rubbestadnes. Intensjonsavtale om dette er inngått. Eigedommen til Rubbestadnes vgs. kan difor seljast for å spare kostnader og frigjere midlar til andre formål.

Delar av eigedommen må leigast attende til dei nye lokala til Unitech er ferdige.