Tilnærma vanleg rutetilbod frå måndag 27. april

Frå måndag 27. april blir det igjen endringar i rutetilbodet for kollektivtrafikken. Det har vore redusert rutetilbod i Vestland fylke den siste månaden i samband med koronapandemien.

folk på veg inn i bussen
FLEIRE BUSSAR: I samband med at skolar og studiestader vert delvis opna, går Skyss og Kringom tilbake til vanleg rutetilbod, men med tilpassingar av skoleskyss for 1.-4. trinn og elevar i vidaregåande. (Arkivfoto).

Når skular og studiestader vert delvis opna, går Skyss og Kringom tilbake til vanleg rutetilbod for buss, med tilpassingar av skuleskyss for 1.-4. trinn og elevar i vidaregåande.  

Spesielt for Bergen/Hordaland:

  • I Bergen vil det framleis vere ekstratilbod til og frå Haukelandsområdet i rushtida morgon og ettermiddag. 
  • Bybanen kjøyrer etter vanleg rutetabell. 
  • Nattavgangar for buss og bybane (inkl. Trygt Heim) er framleis innstilte inntil vidare. 
  • 4 av 5 reisande har vore borte frå buss og bybane dei siste vekene. Passasjerstatistikken til Skyss syner at reisetala no aukar igjen. 
  • Alle avgangar vil liggje i reiseplanleggaren på skyss.no og i appen Skyss Reise frå fredag 24. april. 
  • Sjå meir, inkludert ekstraavgangar på skyss.no

Spesielt for Sogn og Fjordane:

  • Det vil framleis vere innstillingar og endringar på enkelte busslinjer. Detaljar om dette finn du på kringom.no
  • Nattavgangar på bybuss i Førde og Florø og Trygt Heim-rutene er framleis innstilte. 
  • Alle avgangar vil liggje i reiseplanleggaren på kringom.no og i Entur-appen frå fredag 24. april. 

Må framleis halde avstand

- Med den gradvise opninga av samfunnet gjer fylkeskommunen no alt vi kan for å tilby kollektivtransport til dei som treng det, samstundes som me rettar oss etter pålegga frå Folkehelseinstituttet og kommunane om smittevern. Pålegget om å halde god avstand til kvarandre gjeld framleis. Sjølv om vi frå måndag set inn igjen alle bussar i trafikk, kan det på grunn av smittevernreglane vere at vi ikkje plass til at alle reisande på buss og bybane. Alle foreldre og føresette må følgja med på dette, slik at ikkje elevar vert ståande att utan nokon til å hjelpa seg til og frå skulen, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Nokon må kanskje køyra eller følgja borna sine til skulen i starten.

- Vi set inn ekstrabussar i skoleskyssen så langt det let seg gjere for at det skal vere mogleg for skoleelevane å halde god avstand på bussen. Likevel ber vi også skoleelevar om å reise på andre måtar om det er mogleg, slik rådet er for heile landet. Årsaka er at samtlege bussar og bybanevogner er i trafikk morgon og ettermiddag og då har vi ikkje meir materiell å setje inn, seier fylkesordføraren. 

Det blir ingen endringar for båt og ferje no.  

Viktige reiseråd

Sjølv om rutetilbodet no blir normalt fleire stader, vil Skyss/Kringom understreke så sterkt dei kan at dette langt ifrå tyder at situasjonen er blitt normal. Desse reiseråda gjeld framleis: 

  • Unngå å reise kollektivt om du ikkje må. 
  • Det er ditt ansvar å halde god avstand til alle rundt deg, også til førar 
  • Ikkje gå om bord utan at du ser at det er plass til å halde god avstand til andre reisande 
  • Ha god hand- og hostehygiene 
  • Dersom du er i karantene, sjuk eller har mistanke om at du er smitta, skal du IKKJE reise kollektivt 
  • Dersom du kan: Reis gjerne utanom rushtida, gå, sykle eller ha heimekontor 
  • Benytt bakre inngang på bussar 
  • Respekter restriksjonar knytt til betaling og kjøp av billett 
  • Ta omsyn til medreisande