Studentar på fagskulen lærer tipp-topp moderne produksjon
– Dette er framtida, seier rektor Torbjørn Mjelstad etter at Fagskolen i Hordaland har teke i bruk eit flunkande nytt digitalt laboratorium til utdanning av fagskuleingeniørar.

I laboratoriet på Nordnes er ein virtuell-fysisk fabrikk installert i sommar.
– Dette er ein fabrikk der vi kan simulere produksjon av alt mogeleg. Her i dag simulerer vi produksjon av mobiltelefonar. Først programmerer vi produksjonen på datamaskin. Deretter køyrer vi heile produksjonen virtuelt på skjerm for å sjå korleis den fungerer. Så bruker vi det ferdige dataprogrammet til å lage det fysiske produktet. Dette er tipp-topp moderne produksjon, fortel superbrukar og lærar Guttorm Lyngvær.

Robotar gjer jobben
Den virtuelle-fysiske fabrikken i laboratoriet er denne dagen i gang med å produsere mobiltelefonar på løpande band. Ingenting av den fysiske produksjonen skjer med hender. Alt er programmert, og robotar gjer jobben. Ein robot hentar delar frå lageret for å lage mobiltelefonen. På eit samleband med ni stasjonar blir mobiltelefonen sett saman av ulike robotar til det ferdige produktet kjem ut.

Prosess, ikke produkt, er viktig
– Dette er ein simulering av produksjonen. Det er ikkje produktet som er viktig, men prosessen. Studentane våre skal lære heile prosessen og kan gå rett ut i næringslivet. Studentane våre er svært attraktive, seier Lyngvær.
At fabrikken er både virtuell og fysisk betyr at alle kan følgje med i det som skjer, eller programmere frå kvar som helst i verda, og følgje med produksjonen på dataskjerm.

I fremste rekke
Rektor Torbjørn Mjelstad er svært nøgd med denne investeringa.
– Dette er vårt svar på det industrien krev. Det er slik vi skal drive utvikling. For skulen er dette eit ekstra løft. Vi viser at fagskulen er i fremste rekke. Vi er langt i forkant på kompetanse i Vestland. Andre utdanningsinstitusjonar ligg langt etter og ønskjer samarbeid med oss. Vi er i ferd med å innleie eit tettare samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, seier Mjelstad.
Meir og meir digital
Fagarbeidarane er i ferd med å bli meir og meir digitale. I staden for å lage ting fysisk, blir det laga virtuelt på datamaskin og lagra i «skyen». Sjølve produktet blir laga av robotar i ein fysisk fabrikk. Den virtuelle-fysiske fabrikken gjer at fagarbeidarane kan vere kvar som helst i verda og operere systemet. All produksjon blir programmert digitalt og testa virtuelt, før sjølve produksjonen startar.

Industrien heng etter
– Studentane må forstå den gamle teknologien for å forstå denne nye måten å arbeide på. Dette er «industri 4.0». Det betyr at vi brukar robotteknologi på ein intelligent og smart måte. Men store delar av industrien heng mange ti-år etter. Bilindustrien er kome lengst i å ta denne teknologien i bruk. Vi har bedrifter her i Noreg som har flagga produksjonen ut for å få kostnadene ned. Hadde dei heller investert i dette systemet, kunne dei framleis hatt produksjonen her i landet, seier Oddvar Monslaup, avdelingsleiar for prosess og maskin.
Ein produsent som derimot er i forkant, er batterifabrikken Corvus på Midttun som brukar same robotteknologi i produksjonen.

Kombinerer studium og full jobb
Den virtuelle-fysiske fabrikken skal brukast i utdanning av studentar både på dagtid og på nett.
– I haust startar vi nettbasert utdanning innan robotteknologi og digital produksjon for industrien. Der har vi plass til 30 studentar. Utdanninga tek tre år og er basert på seks veker i året her på skulen og resten via nettet. Dette høver for studentar som er i full jobb, seier Mjelstad. Søkjarar kan ha ulik bakgrunn, til dømes innan maskin, prosess, elektro eller automasjon. Studentar opp til 40 år har vist interesse for utdanninga. Snittalderen er 25 år.
Det digitale laboratoriet har kosta totalt 7,2 millionar kroner. 4,2 millionar kroner er gitt i statleg støtte gjennom DIKU.
– I fjor sette vi i gong prosessen med å søke etter midlar. Vi satsar på dette for å vere i forkant med utviklinga i samfunnet, fortel Martina Suppersberger Hamre som er prosjektleiar.

Vil bygge teknologipark
Fagskolen har større planar etter denne investeringa.
– Vi får no til eit større samarbeid med Høgskulen. Dette knyter skulane betre saman. Draumen min er å bygge ein teknologipark, seier Tommy Kokai, avdelingsleiar for elkraft og automatisering.
Fagskulen har nemleg meir topp moderne utstyr. I laboratoriet vegg-i-vegg er ein simulator for elektrisk kraftproduksjon.
– Dette er den største simulatoren for kraftproduksjon og distribusjon av straum i Noreg. Her kan vi produsere heile BKK og teste at alt fungerer. Den har kosta tett på 10 millionar kroner. Til denne har vi og fått mykje statleg støtte, seier Tommy Kokai.

Samarbeid med vidaregåande skular
Fagskulen ønskjer og samarbeid med vidaregåande skular.
– Alle er velkomne til oss. Vi vil auke interessa for å søke fagskule. Her har vi ikkje berre teori, men kan vise teknologien i praksis, seier rektor Torbjørn Mjelstad.