Stramt, men godt fylkesbudsjett på 14,6 milliardar kroner
– Vi legg fram eit stramt, men godt budsjett, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at Vestland fylkeskommune skal bruke ca. 14,6 milliardar kroner i 2021. Av dette skal 8,9 milliardar gå til drift og 5,7 milliardar til investeringar.

Vestland fylkesutval har tilrådd budsjettet for 2021 som skal bli endeleg vedteke i fylkestinget 15. desember.
– I budsjettet har vi ei innsparing i drifta på 40 millionar kroner grunna den økonomiske situasjonen. Men dette utgjer berre ein halv prosent av det totale driftsbudsjettet. Vi gjennomfører alle lovpålagde tilbod og har i tillegg skjerma mange tiltak som vi meiner er viktige for innbyggarane. Det blir framleis skulefrukost til elevane, vi frys taksten på enkeltbillett i kollektivtrafikken og sett ned prisen på periodekort og ungdomsskyss, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Administrativ innsparing
I budsjettet er det lagt opp til innsparingar i den administrative drifta. Dette er synergiar og effektivisering som følgje av samanslåing av dei to fylkeskommunane til Vestland. I denne innsparinga står vidare digitalisering av fylkeskommunen sentralt.
Utdanning
Framlegget til budsjett er samsvar med tilrådinga frå finansutvalet torsdag 19. november. Det inneber at skulefrukost, skulepsykologar, miljøkoordinatorar og vaksine til elevane i dei vidaregåande skulane skal halde fram.
Det skal òg satsast på auka gjennomføring i vidaregåande skule og fleire ut i lære.
Utdanningstilbod som skal bli vidareført, er produksjonsskulane og linjene innan tekniske og allmenne fag (TAF) og linje for yrkessjåføropplæring (YSK).
Kollektivtrafikken
Innan kollektivtrafikken blir det ikkje auke i prisen på enkeltbillettar. Prisen blir framleis 39 kroner for vaksen og 20 for barn og honnør. Derimot blir periodekort over 30 dagar redusert frå 800 til 735 kroner i Hordaland. Ungdomsskyss blir redusert frå 400 til 370 kroner og skal gjelde all ungdom i heile fylket til fylte 20 år. Periodekort for studentar blir redusert frå 480 til 440 kroner. Årsaka til prisreduksjonen på periodekorta er bompengeforliket.
Investeringar
Til investeringar neste år legg fylkesutvalet opp til å bruke 5,7 milliardar kroner. Av dette skal 2,3 milliardar gå til fylkesvegar. Store prosjekt her er rehabilitering av Seimsdalstunellen, rassikring av Flovegen og Ljoteli og fleire bompengepakkar mellom anna Askøypakken, Nordhordlandspakken og Førdepakken.
Bybanen
Til kollektivtrafikk og bybane er det sett av 2,1 milliardar kroner der bybanebygginga frå Bergen sentrum til Fyllingsdalen er det største prosjektet. Til opplæring er det sett av 755 millionar kroner der store prosjekt er oppstart av Askøy vidaregåande skule, Førde vgs, Langhaugen vgs og nytt opplæringsfartøy ved Måløy vidaregåande skule.
Budsjettforslag tilrådd av fylkesutvalet A, Sp, MDG, KrF, SV og V
Budsjettforslag frå Høgre (talbudsjett)
Budsjettforslag frå Høgre (verbalforslag)