Støttar destinasjonsselskapa med 8,5 millionar kroner

– Vi vil dempe verknadene av koronapandemien, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at Vestland fylkeskommune har tildelt 8,5 millionar kroner i støtte til destinasjonsselskapa innan reiselivet.

REISELIVET: Vestland fylkeskommune gir 8,5 millionar kroner for å hjelpe reiselivsnæringa.
REISELIVET: Vestland fylkeskommune gir 8,5 millionar kroner for å hjelpe reiselivsnæringa.

Pengane går til åtte destinasjonsselskap i Vestland og fordelar seg slik:

  • Destinasjon Voss AS: 850 000 kroner
  • Visit Bergen: 4 100 000 kroner
  • Visit Nordfjord AS: 800 000 kroner
  • Visit Fjordkysten AS: 400 000 kroner
  • Visit Hardangerfjord AS: 750 000 kroner
  • Sunnfjord Utvikling: 340 000 kroner
  • Samarbeidsrådet Sunnhordaland: 360 000 kroner
  • Visit Sognefjord: 900 000 kroner

Gledeleg

Denne støtta er ein del av den tiltakspakken frå Vestland fylkeskommune til næringslivet.

– Dette er eksepsjonelt gledeleg. Saman med ekstra draghjelp frå Bergen kommune er dette forskjellen på å vere eller ikkje vere for vår del, på både kort og lang sikt. Då det såg som svartast ut i slutten av mars, viste faktisk prognosane våre at vi ville bli insolvente til sankthans. No ser det betydeleg betre ut, seier reiselivsdirektør i Bergen, Anders Nyland.

Få i gang att aktiviteten

Destinasjonsselskapa skal bruke pengane til aktivitetar som støttar og rådgjev reiselivsbedrifter i ei krisetid og tiltak for å planlegge arbeidet med å få i gang att aktiviteten innan reiseliv, mellom anna marknadsførebuande tiltak.

Bakgrunnen for tildelinga er at fylkesutvalet 26. mars vedtok å etablere ei eiga støtteordning for reiselivet gjennom destinasjonsselskapa. Fylkeskommunen fekk åtte søknader og alle har fått pengar.

Trekke nordmenn til Vestland

– Vi har hatt god og konstruktiv kommunikasjon med destinasjonsselskapa undervegs. No går det mot sommar, og vi har ei stor oppgåve framfor oss med å trekke nordmenn til Vestland. Vi må syte for at desse blir tekne imot på ein god måte. Dette er ei oppgåve vi må samarbeide godt om framover, seier fylkesordførar Jon Askeland.