Stord skal bli trafikksikker kommune

Dei neste åra forpliktar Stord kommune seg til å gjennomføre tiltak som gjer det trygt å vere trafikant i kommunen. Målet er færre drepne og skadde i trafikken.

tre personer signerer avtale
SIGNERING: Gaute Straume Epland, Janncike Bergesen Clarke og Knut Olav Nestås signerte kontrakt med Stord om å bli ein trafikksikker kommune.

Stord-ordførar Gaute Straume Epland, Knut Olav Røsseland Nestås, regionsleiar i Trygg Trafikk og Jannicke Bergesen Clarke, som er hovudutvalsleiar for samferdsel og mobilitet, signerte ein intensjonsavtale om å vere ein trafikksikker kommune.

– Vi er godt nøgd med å få Stord med på laget, og er glade for at dei tar trafikktryggleik på alvor, seier Bergesen Clarke, som også leiar trafikktryggingsutvalet (FTU).

Trafikksikker kommune er ei godkjenningsordning og ei felles satsing for FTU i Vestland fylkeskommune og Trygg Trafikk. Fylkeskommunen gir midlar gjennom FTU til Trygg Trafikk for å ivareta dette arbeidet. 

– Arbeidsfordelinga er slik at Trygg Trafikk står for det meste av den praktiske gjennomføringa frå vår side, men sjølvsagt er det kommunane som gjer mesteparten av arbeidet totalt sett. Trygg Trafikk er ein viktig samarbeidspartnar for fylkeskommunen, og er tett på kommunane i denne prosessen, forklarar Bergesen Clarke.

Viktig rolle

–  Dette er eit kvalitetsstempel på at ein kommune jobbar systematisk og heilskapeleg med trafikktryggleik. For å bli ein trafikksikker kommune må kommunane følgje dei lovar og forskriftar som dei allereie skal følgje, seier Anders Skavdal Havdal, rådgjevar i Trygg trafikk.

Kommunane har ei viktig rolle i trafikksikringsarbeidet, som mellom anna barnehageeigar, skuleeigar, transportkjøpar, arbeidsgjevar og vegeigar.

- Eit godt trafikksikringsarbeid gir kommunen eit godt omdøme, trygt lokalmiljø, færre skadar og ulykker, samt nøgde innbyggjarar. Difor er det kjempeflott når me får på plass nye kommunar i eit samarbeid. Me ser fram til vidare samarbeid både med fylkeskommune og Stord, seier regionleiar for Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav Nestås.

Ønskjer seg fleire kommunar

Eit mål i Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerheit på veg 2018-2021 er at 125 kommunar skal vere godkjende som Trafikksikker kommune innan 1. janar 2022. Ei godkjenning varar i tre år, og kan bli fornya etter ei eigen prosess. 113 kommunar i Noreg har signert likande avtaler.

  • Desse kommunane i Vestland er godkjente som trafikksikker kommune: Gloppen, Eid, Høyanger, Årdal, Bømlo, Vaksdal, Kvinnherad.
  • Lindås, Sund og Eid hadde godkjenning fram til kommunesamanslåingane 1. januar 2020. Dei inngår no i høvesvis Alver, Øygarden og Stad kommunar, som må opparbeida seg ny godkjenning. 
  • Kommunar som er i sin andre periode som trafikksikker kommune: Vaksdal (2019-2021), Bømlo (2020-2022), Årdal (2020-2022).
  • I prosess: Kvam (godkjenning er målet i 2020). Stord og Solund (rekruttert 2020)


Slik kan kommunen bli trafikksikker

For å bli ein trafikksikker kommune inngår kommunen ein intensjonsavtale, som markerer oppstart av arbeidet for å bli godkjend. For å bli godkjend må kommunen oppfylle ulike kriterium som involverer skule, barnehage, helseteneste, kommuneleiing og andre.

Les meir om kriteria