Stor satsing på ny vidaregåande skule på Askøy

– Gratulerer Askøy! Vi gler oss over at vi no gjer tidenes investering på Askøy. Dette er ei fantastisk stor satsing, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkestinget har godkjent bygging av ny vidaregåande skule på Askøy til 707 millionar kroner.

FLOTT BÅDE UTE OG INNE: Slik blir den nye vidaregåande skulen på Askøy.
FLOTT BÅDE UTE OG INNE: Slik blir den nye vidaregåande skulen på Askøy.

Den nye skulen skal byggast på Myrane, rett nord for Kleppestø, der den noverande skulen er. Den nye skulen blir ein god del større enn den noverande. Elevtalet aukar frå 560 til 970, mens arealet går opp frå 10 000 til 15 000 kvadratmeter.

Eit løft

– Den nye skulen blir eit løft for elevane, lærarane og alle som bur på Askøy, med kulturhusdel og idrettshall. Vi har godt samarbeid med Askøy kommune. Kommunen skal bygge ny idrettshall som våre elevar skal bruke. Og vi skal bygge lokale for Askøy vaksenopplæring og ein kulturdel med scene og sal med plass til 500 personar. Kultursalen skal kommunen og skulen dele på å bruke. Dette får mykje å seie for Askøy, og vi synest det er moro å få vere med på utviklinga i kommunen, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Slik blir uteområdet.
Slik blir uteområdet.

Delt i tre

Den nye vidaregåande skulen er samansett av tre delar: Nordfløy, ny sentralbygning og ny verkstadbygning.

Nordfløyen omfattar rehabilitering av eksisterande teoribygning med vaksenopplæring, yrkesopplæring og tilpassa opplæring. 

Den nye sentralbygningen får fire plan med fellesfunksjonar og teorirom plassert sørvest for teoribygningen. Her blir hovudinngangen med direkte tilkomst til kantine, administrasjon, auditorium, kultursal, personalrom, bibliotek og elevtenestar. 

Den nye verkstadbygningen får verkstadhaller og undervisningsrom for bygg og anlegg (BA) og teknisk- og industriell produksjon (TIP) og blir plassert søraust for eksisterande teoribygning.

Interiør i den nye skulen.
Interiør i den nye skulen.

Samspelprosess

Constructa entreprenør har fått oppdraget med å teikne, prosjektere og bygge den nye skulen. Ein samspelprosess med brukarar varte frå mai 2019 til september 2019. 20 ulike brukargrupper var involvert, inklusiv to for vaksenopplæring og kultur frå Askøy kommune. 

Endeleg forprosjekt vart levert i sommar. Entreprenørteamet skal no gå i gang med detaljprosjektering og gjere klart til byggjestart i 2021.

Fem utdanningsprogram

Den nye skulen skal ha fem utdanningsprogram: Bygg og anlegg, elektrofag, helse og oppvekst, teknikk og industriell produksjon (TIP), og studiespesialisering. I tillegg har skulen tilbod for tilrettelagt opplæring, ein internasjonal klasse (vg2) i elektrofag i Tyskland, og ein klasse på studiespesialisering (vg2) i Tyskland.