Stor entusiasme for digital undervising heime

– Vi er møtt med entusiasme. Eg vil gje skryt til elevar og lærarar som har fått dette til, seier Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, etter at tradisjonell undervising i klasserom er snudd til digital undervising heime.

ENGASJERT: Lærar Jon Eirik Standal Darre ved Bergen maritime videregående skole har tommelen opp for undervisinga han gjennomfører frå heimekontoret.
ENGASJERT: Lærar Jon Eirik Standal Darre ved Bergen maritime videregående skole har tommelen opp for undervisinga han gjennomfører frå heimekontoret.

Grunna koronasmitte får 22 000 elevar i den vidaregåande skulen i Vestland all undervising via nettet. Det er slutt på den ordinære undervisinga i klasseromma. Både elevar og lærarar er heime og jobbar derfrå via PC og digital læringsplattform.

Snudd på ein til to dagar

– Det tok berre ein til to dagar å snu undervising vi har hatt i hundrevis av år til nettundervising. Vi må nesten klype oss i armen. Alt saman føregår på nettet. Lærarane følgjer timeplanen og har undervising som normalt. Elevane synest dette er spennande, møter fram foran skjermen og koplar seg opp på videokonferanse. Det er akkurat som «skype». Systemet vårt er veleigna for store grupper. Alle ser kvarandre og kan snakke saman. Læraren leverer ut oppgåver og tek inn svar via digital læringsplattform, fortel Lyngedal.

Henrik Mølmann er elev ved Firda vidaregåande skule og får undervising og gjer lekser heime på guterommet.
Henrik Mølmann er elev ved Firda vidaregåande skule og får undervising og gjer lekser heime på guterommet.

Så ivrige at dei aldri stoppar

Fylkesdirektøren seier nettundervisinga med lærarar og elevar heime går svært bra.

– Elevar og lærarar er veldig engasjert i dette. Vi oppnår ganske mykje, og vi trur elevane får godt utbyte av undervisinga. Elevane er nesten blitt for entusiastiske. Dei møter fram til timane og leverer det dei skal. Men elevane er og blitt så ivrige at det nesten blir for mykje. Dei jobbar meir enn før og stoppar nesten aldri å jobbe. Vi har no gått ut og oppmoda om å avgrense mengdene på oppgåver, slik at det ikkje blir alt for mykje for dei, seier Lyngedal.

Slik ser det digitale klasserommet til lærar Torodd Flatråker Ottestad ved Amalie Skram videregående skole ut.
Slik ser det digitale klasserommet til lærar Torodd Flatråker Ottestad ved Amalie Skram videregående skole ut.

Skryt frå beredskapsministeren

Entusiasmen for den nye måten å jobbe på i dei vidaregåande skulane i Vestland, har nådd justis- og beredskapsminister Monica Mæland. Ho har fått mange gode tilbakemeldingar frå brukarane i Vestland og har sendt lovord om dette til Vestland fylkeskommune via tekstmelding til fylkesrådmann Rune Haugsdal.

– Det er svært hyggeleg å få slike tilbakemeldingar, seier Lyngedal.

Tekniske utfordringar

Men det har vore nokre tekniske utfordringar når 22 000 elevar og mange tusen lærarar skal på nett samstundes i videomøte.

– Det kan gå sakte av og til fordi vi har så mange brukarar samstundes, men stort sett fungerer det bra, seier fylkesdirektør Bjørn Lyngedal. Ein eigen teknisk stab i fylkeskommunen overvaker og ser til at nettundervisinga fungerer og går som planlagt.