Stadig meir miljøvennlege reisevaner

– Utviklinga går den vegen vi ønskjer, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at ei reisevaneundersøking for Bergen og bergensregionen viser at færre køyrer bil, fleire reiser kollektivt og fleire syklar.

BybaneN1000B1111353.jpg
MINDRE UTSLEPP: Det er populært å reise kollektivt og å sykle. Biltrafikken går ned.

Undersøkinga er gjennomført av Miljøløftet i 2019, basert på intervju med personar om reisevanar. Tala stemmer godt med andre teljingar som partane i Miljøløftet gjorde i fjor, før utbrotet av koronasmitten.

Glad for at det går rette vegen

– Etter ei krevjande start på 2020 for kollektivsektoren grunna pandemien, er det kjekt at reisevaneundersøkinga trass alt viser at utviklinga går den vegen vi ønskjer. Smittevernomsyn gjer at det vil ta tid før vi får normal kapasitet igjen, men funna i undersøkinga gjev meg trua på at vi vil nå dei ambisiøse måla vi har sett, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Stabil, positiv utvikling på kollektiv

Samanlikna med dei føregåande åra viser 2019-tala for Bergen ei auke i dei som reiser kollektivt frå 15 prosent i 2014 til 18 prosent i 2019. For heile bergensregionen er auken frå 13 til 16 prosent. Skyss har gode teljemetodar for kollektivtrafikken som og viser solid passasjervekst. Dette viser at både Bergen og heile bergensregionen har ein svært positiv utvikling i tal kollektivreisande.

Sykkelbruken aukar

Ekstra gledeleg er det at sykkelen igjen vinn terreng, og går opp frå 3 til 4 prosent i Bergen. Ferske, lokale sykkelteljinger i Bergen etter utbrotet av covid-19, kan tyde på at denne trenden no er endå meir forsterka.

Framleis tek nesten 1 av 4 beina fatt når dei reiser i Bergen, men dei som går i 2019 er litt færre, ein liten nedgang på to prosentpoeng samanlikna med 2014. I heile bergensregionen under eitt var kvar femte reise til fots i 2019.

Færre køyrer og har tilgang til bil

Undersøkinga viser at tal bilførarar i Bergen stadig blir færre enn i 2014, då den låg på 44 prosent. I 2019 er tal bilførarar 42 prosent i Bergen, og 47 prosent i bergensregionen. Samstundes ser vi at tal husholdningar med tilgang til bil, går ned. Denne trenden gjeld alle storbyområda i Noreg. I 2019 bur kvar fjerde innbyggar i Bergen i husstand utan tilgang til bil.

Bergensregionen har best tilgang til elbil på landsbasis

I bergensregionen er veksten i elbil stor. Mens berre fire prosent av dei som hadde bil i 2014, hadde elbil, har dette auka til 26 prosent i 2019. Bergensregionen er dermed den regionen i landet der flest har tilgang til elbil. Til samanlikning har 19 prosent av bileigarar i Oslo/Akershus tilgang til elbil, 19 prosent på Nord-Jæren og 17 prosent i trondheimsområdet.

Nesten 1 av 3 reiser kollektivt til jobb

29 prosent av arbeidsreiser i Bergen er kollektivt og 8 prosent på sykkel. For bergensregionen er tilsvarende tal 26 prosent arbeidsreiser kollektivt og 6 prosent med sykkel. Berre Oslo har meir arbeidsreiser kollektivt enn Bergen, med 49 prosent. Samstundes har dei som har tilgang til gratis parkering i Bergen, gått ned fra 65 prosent i 2014 til 61 prosent i 2019.

– Eg ser fram til at vi snarast råd kjem dit at vi kan ønske alle velkommen til å reise kollektivt igjen. I mellomtida let vi ikkje pandemien stoppe oss i arbeidet med å styrke kollektivsuksessen innbyggarane i Bergen og bergensområdet i fellesskap har skapt, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Positive tal

Thor Haakon Bakke, byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen, er og glad for at undersøkinga viser at utviklinga går riktig veg.

– Det er flott at vi ser positive tal på kollektiv og sykkel og ein reduksjon i personbiltransporten. Eg er likevel svært utolmodig på vegne av klimaet. Utsleppa må ned, og det raskt. Då må tempoet i omstillinga og dei politiske prioriteringane opp. Vi må gjere meir av det vi veit verkar. Dei same tiltaka skaper samstundes gode byar for folk og miljø, sier byråden.

Om undersøkinga

Den nasjonale reisevaneundersøkinga intervjuar personar om reisevanar. Vi får då ein verdifull oversikt over reisevanar og reisestraumar, samt utviklingstrekk over tid.

Det føreligg og tilleggsutval i ein del større byområde for å få meir signifikante resultat der dette er ekstra viktig. Dette gjeld mellom anna i dei fire største byområda Oslo, Bergen, Trondheim og Nord-Jæren. For bergensregionen gjeld dette i tillegg til Bergen, og Askøy kommune, og dei tidligare kommunane Os, Fjell, og Lindås.

Undersøkinga tar for seg transportmiddelbruk på den daglege reisa, samt tilgangen folk har til transportressursar som bil, sykkel og parkering.