Skal ha psykologteam for vidaregåande opplæring

Fylkestinget har vedtatt at Vestland fylkeskommune skal ha eit psykologteam for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring. Ordninga med miljøkoordinatorar på skulane blir også vidareført.

LETT Å OPPSØKE: Psykologteamet skal vere eit lågterskeltilbod. Dette inneber at elevane og lærlingane ikkje skal tilvisast og tilbodet skal vere lett å oppsøke. Bildet er frå Stryn vgs.
LETT Å OPPSØKE: Psykologteamet skal vere eit lågterskeltilbod. Dette inneber at elevane og lærlingane ikkje skal tilvisast og tilbodet skal vere lett å oppsøke. Bildet er frå Stryn vgs.

- Både psykologteamet og miljøkoordinatorane skal styrke skulane i arbeidet med elevane sitt skulemiljø og bidra i det førebyggande arbeidet. Gode tiltak i skulen kan førebygge og fange opp slik at vi hindrar utvikling av vanskar som kan bli sjukdom. Dette er viktig for å skape eit heilskapleg psykososialt tilbod i den vidaregåande opplæringa, seier fylkesordførar Jon Askeland.

For elevar og lærlingar i heile fylket

Vestland har allereie eit psykologteam på fem psykologar. Desse arbeidde i Hordaland fylkeskommune før samanslåinga. Erfaringa med skulepsykologane er at pågangen frå elevar som ønskjer samtalar er stor. Til no har ikkje skulepsykologane sitt arbeid vore utvida til å gjelde skulane i tidlegare Sogn og Fjordane. Ordninga har dessutan berre vore retta mot elevar i den vidaregåande skulen. Samtidig er det mange lærlingar som opplever einsemd i læretida. Fylkestinget har no vedtatt at psykologteamet skal gjelde for både elevar og lærlingar i heile fylket.

Eit lågterskeltilbod

Psykologteamet skal vere eit lågterskeltilbod. Dette inneber at elevane ikkje skal tilvisast og tilbodet skal vere lett å oppsøke. Psykologane skal ha samtalar med elevar og lærlingar og rettleie til vidare behandling der det er naudsynt, i samhandling med fastlege eller skulehelsetenesta.

Psykologane skal saman med miljøkoordinatorane arbeide for å skape eit heilskapleg psykososialt skulemiljø for alle elevar i fylket. Arbeidet til miljøkoordinatorane, som finst på nokre skular i fylket, handlar i stor grad om å vere der for elevane, sjå dei og tilby aktivitetar som er førebyggande på ulike plan. Dei vektlegg trivselsfremjande tiltak i det daglege, både i og etter skuletid. Ordninga er spesielt viktig på skular der elevar bur på hybel eller internat.

- Psykologane og miljøkoordinatorane har på kvart sitt vis ein kompetanse som skulane treng. Deira samfunnspsykologiske kompetanse og kunnskap om individet sine behov er viktig for å bygge gode og trygge læringsmiljø, seier Askeland.

Kjøp av psykologtenester

Vestland fylkeskommune arbeider for å nytte ressursane til rådvelde for å sikre at alle elevar får likeverdige psykososiale tilbod. Dette inneber ikkje å ha det same tilbodet overalt, men kvalitetssikre at elevane blir møtt av kompetente fagpersonar som kan lytte, rettleie og sikre at alle får den oppfølginga dei treng.

Ei kartlegging gjort av fylkeskommunen viser at tilbodet av kommunale helsetenester i skulen varierer for stort frå kommune til kommune og at elevane ikkje får eit likeverdig tilbod. For å sikre eit stabilt psykologteam vedtok fylkestinget at Vestland fylkeskommune kan inngå samarbeid med kommunar og helseføretak om kjøp av psykologtenester der vi ikkje klarer å rekruttere eigne eller kor det ikkje er stort nok elevgrunnlag for eiga psykolog. Dette vil variere etter kva som er mest tenleg i dei ulike distrikta i Vestland.