Sjå UKM Live – i kveld kl. 19.00

I kveld deltek ungdom frå heile fylket på UKM live frå Det akademiske kvarteret i Bergen. Arrangementet blir sendt direkte på nett.

illustrasjon som syner "plakat" for UKM live 24. juni 2020
UKM LIVE: Det blir UKM-sending med ungdomar frå heile fylket frå Det akademiske kvarteret i Bergen 24. juni kl. 19.00. (Illustrasjon: UKM Norge)

Ungdomane som deltek, gjer alt frå å opptre på scena til å stå for strøymeproduksjonen. Dei er artistar, konferansierar, produsentar, handterer smittevern og alt anna ein treng for eit digitalt arrangement der ung kultur møtest

På denne lenka kan du sjå UKM live kl. 19.00 onsdag 24. juni.

Det blir musikk, dans og film, og deltakarane som får syne seg fram er Louise, Chris Andre, Paul og Ivar, Braktausane, Villemo, Andreas, Nicrox, Awakening Madness. Tyra og Amalie er konferansierar.

Digital erstatning

Fylkesfestivalane i Vestland skulle ha vore arrangerte 24.–26. april i Måløy og på Voss, men vart avlyste på grunn av korona. Også landsfestivalen som var planlagt på Hove i Arendal 26.–30. juni, er avlyst.

UKM Norge har i samarbeid med fylkeskommunane utvikla digitale tilbod som erstatning for festivalane. Det er lagt opp til ei halvtimes framsyning per fylke, men live-strøyminga for eit samla Vestland blir på om lag ein time, i og med at det skulle ha vore arrangert to fylkesfestivalar.

Samarbeidsprosjekt

Live med UKM Vestland er eit samarbeid mellom UKM Norge, Vestland fylkeskommune, AKKS Bergen og Kinn kommune. Dei to sistnemnde skulle ha vore lokale arrangørar for fylkesfestivalane, men måtte avbryte planleggingsarbeidet då festivalane vart avlyste. Etter det har dei nytta kompetanse og kapasitet til å utvikle digitale tilbod til UKM-deltakarane.