Set i gang tiårig satsing på marin næring

Vestland fylkeskommune skal leie utviklinga av eit tiårig program som skal sikre ei berekraftig utvikling av sjømatnæringane i Vestland.

VIKTIG NÆRING: Marin sektor er sentral for verdiskapinga og samfunnsutviklinga i mange små og store lokalsamfunn i Vestland. Illustrasjonsfoto frå Mundal i Lindås.
VIKTIG NÆRING: Marin sektor er sentral for verdiskapinga og samfunnsutviklinga i mange små og store lokalsamfunn i Vestland. Illustrasjonsfoto frå Mundal i Lindås.

Det vedtok fylkesutvalet i dag. Vestland fylkeskommune ønskjer med dette programmet å utvikle og styre eit større tal prosjekt saman med sjømatprodusentane, kommunane og statlege forvaltingsorgan.

Både kommunar og næringsaktørar blir viktige samarbeidspartnarar i arbeidet.

Viktig å satse strategisk

- Den store omstillinga frå produksjon og sal av fossilt brensel krev satsing på andre og berekraftige område. Å satse strategisk på dei marine næringane er derfor svært viktig. Programmet vi no lanserer går over ti år og skal gi næringane vilkår til å vekse og styrke sin posisjon, seier fylkesordførar Jon Askeland.

I vedtaket frå fylkesutvalet går det fram at utvalet ønskjer å prioritere problemstillingar knytt til kvalitetssikra areal og kompetanseutvikling, både for oppdrettsnæringa og fiskeria. Politikarane stør at fylkesadministrasjonen arbeider vidare med programmet, og ber om at det vert arbeidd med å finne varig finansiering for satsinga.

Auka verdiskaping og fleire arbeidsplassar

Marin sektor er sentral for verdiskapinga og samfunnsutviklinga i mange små og store lokalsamfunn i Vestland. Med ei styrka marin satsing vil fylket og kommunane ha betre høve til utvikling av næringa, og forvalting av tenester og areal.

Målet er at programmet skal bidra til å auke verdiskapinga og tal arbeidsplassar i sjømatnæringane i Vestland. I tillegg skal det vere med å skape aktive kystsamfunn med attraktive arbeidsplassar.

Må kome i grøn sektor

På kort sikt blir det ei viktig målsetting å arbeide for at havbruksnæringa kan oppnå vilkår som bidreg til at areala som brukast til akvakultur i Vestland, blir definert som «grøn sektor» i regjeringa sitt trafikklyssystem for produksjon. Dette må til for at næringa skal kunne vekse.