Sei meininga di om vegen vidare for Vestland

Korleis skal næringslivet og innbyggarane gjere gode klimagrep? Korleis sikrar vi arbeidsplassar og attraktive stadar i fylket vårt? Utviklingsplanen for Vestland 2020–2024 er ute på høyring, med frist 28. juni.

foto av to ungdomar som sit på toppen av Brandsøyåsen med utsikt over Florø
VIKTIG FIREÅRSPLAN: Utviklingsplanen for Vestland skal seie kva retning vi ønskjer for fylket dei neste fire åra. Planen omfattar alle delar av samfunnsutviklinga, og seier blant anna noko om korleis vi kan ta gode klimagrep, sikre arbeidsplassar, utvikle gode bumiljø og sikre trivsel og deltaking for alle samfunnsgrupper. Foto: Truls Kleiven

Utkastet til overordna plan for Vestland for dei neste fire åra er lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. No kan kommunar, næringsliv, lag, organisasjonar og privatpersonar kome med sine innspel og meiningar innan høyringsfristen 28. juni.

Ein plan og eit verktøy for alle

– Det er viktig for oss å få vite kva folk i fylket meiner om planen. Utviklingsplanen vert det viktigaste verktøyet å styre etter for heile fylket, ikkje berre for fylkeskommunen. Når han er vedteken, skal planen liggje til grunn både kommunal, regional og statleg planlegging i Vestland. Difor er det særleg viktig at alle som har meiningar om og ønsker for framtida til fylket, kjem på bana og sender innspela sine no, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Arbeidet med utviklingsplanen starta alt i 2018 i begge dei tidlegare fylkeskommunane, og fylkestinget i Vestland skal vedta den endelege planen i september i år.

Femner breitt

Berekraftsmåla til FN spelar ei sentral rolle i planen og skal gjennomsyre alt fylkeskommunen gjer. Klimaomstilling, grøn konkurransekraft, balansert areal- og naturressursbruk er såleis viktige stikkord i planen. Men han rommar også mykje meir.

Andre viktige tema er gode transportsamband, mindre utslepp frå kollektivtransporten, korleis vi kan digitalisere samfunnet vårt, korleis vi skaper eit fornyande både profesjonelt og frivillig kulturliv, og korleis vi sikrar at ungdom trivst og deltek i samfunnet vårt.

Nyskapande og berekraftig fylke

Fylkesordføraren er oppteken av at planen må gje ein tydeleg retning for dei neste fire åra.

– Som fylkeskommune arbeidar vi for eit nyskapande og ikkje minst berekraftig Vestland. Vi set retning, engasjerer og arbeidar saman for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta fylke. I alt dette er utviklingsplanen for dei neste fire åra noko av det mest sentrale. Det er her vi seier kva retning vi ønskjer, korleis vi skal møte utfordringar, og korleis vi skal utnytte moglegheitene vi har. Planen skal stake ut ein tydeleg kurs, slik at det blir motiverande og lett for alle å dra i same retning, seier Askeland.

Fire mål for fylket

Utviklingsplanen definerer fire hovudmål for fylket, og for kvart mål er det sett opp fleire strategiar som kan hjelpe oss å nå måla. Måla – og heile planen – baserer seg på eit grundig kunnskapsgrunnlag, som gjer greie for både utviklingstrekk og utfordringar i fylket. 

Utviklingsplanen skal syne kva lokale moglegheiter det globale berekraftsarbeidet kan gje oss.

Alle fylkeskommunar må vedta ein regional planstrategi minst ein gong i ein valperiode. Fylkestinget i Vestland skal vedta utviklingsplanen i september i år.

Digitalt medverknadsmøte

Fristen for å kome med høyringsinnspel til utviklingsplanen, som blir den regionale planstrategien til Vestland, er 28. juni.

Fylkeskommunen vil i tida fram til fristen halde eit digitalt medverknadsmøte 2. juni. Vi inviterer der nokre høyringspartar til å delta direkte med kommentarar til planen, samstundes som alle kan følgje møtet direkte på nett.