Scenariorapport viser vegen vidare for reiselivsnæringa etter covid-19

Reiselivsnæringa må profilere grøne reisemål, redusere overturisme og tiltrekke seg turistar som blir lenger og brukar meir pengar.

To kajakkar padlar mor cruiceskip. Foto.
STORE ENDRINGAR: Scenarioanalysen viser at det grøne skiftet og andre globale megatrendar vil ha stor påverknad på reiselivsnæringa framover, i tillegg til restriksjonar og endra åtferdsmønster som følgje av covid-19. Illustrasjonsbiletet viser cruiseskip i Flåm. Foto: Rolf M. Sørensen/Vestland fylkeskommune

Dette er noko av det scenariorapporten for næringslivet i Vestland viser at næringa må gjere for å klare grøn omstilling i tida etter covid-19. Reiseliv er den næringa som er hardast råka av koronakrisa, men det kan ta tid før reiselivsnæringa kjem tilbake til nivåa frå før pandemien. Dette avheng også i stor grad av ein vellukka og effektiv vaksine.

- Den nordlege delen av Vestland har mange solide reiselivssatsingar. Flåm og Hoven (Loen skylift. Red. anm.) er gode døme på dette. Men der Hoven har hatt suksess og sett nye rekordar i koronatida, har omsetninga i Flåm stupt med 900 millionar på eit år. Døma syner utfordringane som næringa står ovanfor, og som vil vare lenge. Spørsmålet er korleis får vi næringslivet på fote att og i kva drakt, sa fylkesordførar Jon Askeland, då scenariorapporten for næringslivet i Vestland blei presentert i Førde.

Tre framtidsscenario

Rapporten er laga av EY på bestilling frå eit partnarskap med Vestland fylkeskommune, NHO, LO, KS, NAV, Bergen Næringsråd, Næringsalliansen i Hordaland, Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen kommune og Atheno. Den skisserer tre ulike framtidsscenario for næringslivet i Vestland. Det første scenarioet viser kva vi bør jobbe mot. Scenario 2 viser korleis situasjonen blir om utviklinga held fram som i dag. Det tredje og siste scenarioet viser eit uønskt utfall der næringslivet ikkje klarar å tilpasse utviklinga med nye krav og skjerpa konkurranse.

Scenarioanalysen blei lansert i Bergen 28. oktober. I tillegg til arrangementet i Førde skal rapporten presenterast på Stord den 11. november. Leverandørindustrien blir der eit sentralt tema.

DISKUTERTE FRAMTIDA: På arrangementet i Førde blei funna i scenariorapporten drøfta av eit panel med følgande deltakarar: Rolf Sanne-Gundersen, dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling (moderator), Bjørn Lødemel, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, Maria B. Helsengreen, partner i EY, Roy Stian Farsund, banksjef Bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane og Stein Kvalsund, dagleg leiar i Hub for Ocean.
DISKUTERTE FRAMTIDA: På arrangementet i Førde blei funna i scenariorapporten drøfta av eit panel med følgande deltakarar: Rolf Sanne-Gundersen, dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling (moderator), Bjørn Lødemel, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, Maria B. Helsengreen, partner i EY, Roy Stian Farsund, banksjef Bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane og Stein Kvalsund, dagleg leiar i Hub for Ocean.

Grøne reisemål

Det grøne skiftet og andre globale megatrendar vil ha stor påverknad på reiselivsnæringa framover, i tillegg til restriksjonar og endra åtferdsmønster som følgje av covid-19. Rapporten viser at det må satsast på grøne reisemål og at det vil bli stilt strengare krav til berekraftig besøksforvalting, miljøvennleg transport og reduksjon av overturisme.

Dette kan mellom anna gi seg utslag i auka marknadsføring av grøne og berekraftige destinasjonsprofilar. Det må satsast på kortreiste råvarer, vegetariske menyar og meir lokal turisme.

Frå volum til kvalitet

Rapporten viser at for å lukkast, slik at vi hamnar i det ønska framtidsscenarioet, må vi klare å tiltrekke oss dei rette turistane. Det vil seie dei som blir lenger og brukar meir pengar lokalt. Dette krev at reiselivet i Vestland må skifte fokus frå volum til kvalitet. Det blir då viktigare å profilere særeigne opplevingar. Det må leggast opp til å auke samhandlinga mellom store og små aktørar innan reiseliv. Dette for å gi eit betre tilbod av skreddarsydde pakkar som triggar Vestland fylke som reisemål. Omstillinga til eit meir miljøvenleg reiseliv krev også effektiv, miljøvenleg infrastruktur, både internt i fylket og mellom Bergen og Oslo.

Dersom koronasitusjonen gjer at turiststraumen uteblir i tida som kjem, er det stor fare for å hamne i det uønska scenarioet. Det vil då ta lang tid før næringa er tilbake der den var før covid-19.

Må bli best på samarbeid

På arrangementet i Førde deltok representantar frå næringslivet i dei nordlege delane av Vestland. På møtet blei også prosessindustrien og den marine næringa trekt fram som viktige næringar i dette området. Det blei peika på korleis eksportnæringane har store utfordringar i åra som kjem. Globale megatrendar som det grøne skiftet set store krav til både kva vi skal eksportere og korleis vi skal gjere dette. Rapporten viser at vi må finne nye løysingar og at tida er knapp for å gjere dette. For eksempel må vi satse på å eksportere ny kompetanse og ny teknologi, ikkje berre råvarer. Viss ikkje hamnar vi i det uønska scenarioet og tapar den tøffe internasjonale konkurransen.

I løpet av møtet blei det understreka fleire gonger at vi må bli best på samarbeid for å klare utfordringane. Det er felles for alle næringane.

Fylkesordførar Jon Askeland sa at rapporten slår fast at me har alle moglegheiter.
- Vi har alt, men den utfordrar oss til å møta endringane i tide, og vi ser at skilnaden mellom føretrekt og uønska situasjon er dramatisk for sysselsetting og verdiskaping – inkludert velferd.