Prøveordning med bankterminal på bussane

Mange reisande betaler med app på bussen og nokre med kontantar. I løpet av våren 2021 får dei reisande i Hordaland ein alternativ betalingsmetode. Som i Sogn og Fjordane blir det høve til å betale med bankkort om bord.

BANKKORT: Bussane i Hordaland vil få bankterminal der reisande kan betale hos sjåføren.
BANKKORT: Bussane i Hordaland vil få bankterminal der reisande kan betale hos sjåføren.

Fylkesutvalet har med 14 mot 3 røyster vedteke at det ikkje skal koste ekstra å betale med bankkort på bussen og om bord på båtruta mellom Kleppestø og Strandkaien. For at bussen ikkje skulle bli forseinka av mange som betalar med bankkort, fremja fylkesrådmannen forslag om eit tillegg i betalinga i sone A i Hordaland. Dette tillegget skulle vere det same som for dei som betalar med kontantar.

Mykje debattert

Saka har vore mykje debattert i fleire politiske møte. Det enda med at Trude Brosvik (KrF) fekk fleirtal for eit forslag om å ha ei prøveordning i eitt år med bankkortbetaling utan ekstra påslag. Forslaget vart støtta av Arbeidarpartiet og Senterpartiet, og fekk i tillegg røystene til MDG, H, SV og FNB. To frå Frp og ein uavhengig røysta i mot.

80 prosent bruker skyssapp

Argument i debatten var at det blir så enkelt å betale med bankkort at mange vel denne betalingsmåten og at det kan føre til forseinking av bussen. I dag bruker 80 prosent av dei reisande skyssappen. Av omsyn til trafikkavviklinga ønskjer Skyss at færrast mogeleg betalar hos sjåføren. I fylkesutvalet vart det semje om ei prøveperiode på eitt år med bankkort utan tillegg. Dei som betalar med kontantar hos sjåføren, får framleis eit tillegg å betale, 21 kroner for vaksen og 10 kroner for barn og honnør.