Opnar for like dagsturhytter også i andre fylke

Det starta med ein idé om ei hytte i kvar kommune i Sogn og Fjordane. Framover kan du faktisk møte same hytta på fjelltoppar, nes og i krokar og krikar rundt om i heile landet.

foto av dagsturhytta i Fedje
NYOPNA HYTTE: Dagsturhytta i Fedje er ein av dei hyttene som har opna i haust. Frå hytta har ein utsikt til storhavet og Hellisøy fyr.

Hovudutval for kultur, idrett og integrering vedtok 15. oktober at andre fylkeskommunar kan få bruke teikningane til dagsturhytta. Kvar fylkeskommune må betale 300 000 kr for denne retten, ein sum som nyttast i det vidare dagsturhytteprosjektet i Vestland.

Rogaland er i gang

Rogaland fylkeskommune har alt kjøpt rettane til arkitektteikningane frå Vestland fylkeskommune. Kjøpssummen skal brukast til skilt på hyttene i tidlegare Hordaland framover. Fedje, Austrheim, Masfjorden, Bømlo, Os og Fusa er alt på plass.

foto av dagsturhytta i Austrheim
VARDETANGEN: Dagsturhytta Vardetangen i Austrheim har også opna i haust. (Foto: Austrheim kommune)

I Rogaland legg dei opp til ei hytte i kvar av dei 23 kommunane i fylket. Det betyr at den karakteristiske trekantforma hytta om ikkje lenge blir å finne frå Nordfjord i nord til Dalane i sør.

– Den store interessa for dagsturhytteprosjektet syner at vi har treft ei nerve i tida og i samfunnet. Hyttene vart raskt populære og veldig godt besøkte. Sosiale medium har vore viktige. Folk har delt bilete, og vi har delt vidare i våre kanalar. Det starta med ei virtuell spreiing av hyttene og prosjektet, og no spreier dei seg faktisk fysisk, seier Alexander Fosse Andersen, fylkespolitikar og leiar for styringsgruppa for prosjektet.

Samarbeid essensielt

Rogaland har ikkje berre kjøpt rettane til teikningane, dei har også – delvis – sikra seg prosjektleiaren frå først Sogn og Fjordane – og no Vestland. Atle Skrede skal det neste året jobbe 30 prosent som ressurs for dagsturhyttearbeidet i Rogaland.

– Som dagsturhyttefar er det kjekt å følgje hytta vidare ut i verda, seier Skrede, som i si tid kom på dagsturhytteideen.

– Om nokon kan lære noko av det vi har gjort, og bruke den kunnskapen vidare, så er det eit pluss med heile prosjektet. Då har vi gjort noko rett. Eg trur noko av det viktigaste å ta med seg er det gode samarbeidet vi har fått til, både internt i fylkeskommunen og med kommunar, grunneigarar, Sparebanken Sogn og Fjordane og andre, seier han.

Innlandet på synfaring

I tillegg til Rogaland, har også Innlandet, Vestfold og Telemark, Viken, Trøndelag og Møre og Romsdal vist interesse for dagsturhytteprosjektet. Fire personar frå prosjektgruppa i Innlandet var tidlegare i haust på synfaring til hytta Stedjestova i Sogndal saman med fleire frå Vestland fylkeskommune, grunneigar og dugnadsrepresentant.

foto frå dagsturhytta i Sogndal
SYNFARING: Fleire frå prosjektgruppa i Innlandet fylkeskommune tok turen til Stedjestova og Sogndal tidlegare i haust. Der møtte dei representar frå Vestland fylkeskommune, grunneigar og dugnadsrepresentant for å høyre om arbeidet med hytta.

Målet med besøket var å hauste erfaringar og ta med seg tips og triks tilbake når dei sjølve no er i gang med eit liknande prosjekt. Kva design og utforming hyttene i nabofylket i aust får, er ikkje avklart enno.

Dagsturhytta er teikna av Rojo arkitekter i Trondheim. Teikningane er eigde av Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.