Opna største ladepark for el-drosjar i Norden

– Det er heilt fantastisk at vi har fått ladepark for el-drosjar her på Flesland, seier Robert Aasmul, dagleg leiar i Taxi1. Bergen lufthamn har fått det største ladeanlegget for el-drosjar i Norden, og det nest største i Europa.

El-drosje
LYNLADING: – Det er eit eventyr å få ladepark her, seier Robert Aasmul, dagleg leiar i Taxi1, med el-drosjen som blir lynlada på Flesland.

Fylkesordførar Jon Askeland opna offisielt ladeparken onsdag 29. januar. Det er ikkje tilfeldig at Flesland får dette tilbodet.

– Dette er den største drosjehaldeplassen i Noreg. Her går det 550 000 drosjeturar i året. Til samanlikning er vi meir enn fire gonger så store som Gardermoen der det går 125 000 drosjeturar i året, seier Aasmul. Han er svært godt nøgd med utbygginga for el-drosjar.

– Vi har i lengre tid jobba for å få etablert eksklusiv ladeinfrastruktur for drosjenæringa, seier fylkesordførar Jon Askeland, som offiselt opna ladeparken på Flesland, som har den mest trafikkerte drosjehaldeplassen i landet.

Lynladarar på 150 kilowatt

– Det er eit eventyr å få ladepark her.  Dette er lynladarar på heile 150 kilowatt, mykje kraftigare enn hurtigladarar, så det går svært raskt å lade. Vi har og fått lynladarar for el-drosjar ved busstasjonen i Bergen sentrum, men vi treng ladepunkt over heile fylket, seier Aasmul.

I dag går 25 av totalt 705 drosjar i Bergen på straum. Fylkeskommunen har fremja forslag om at alle drosjar innanfor grensene til Hordaland skal bli elektriske innan 1. april 2024, og at det skal greiast ut tilsvarande innanfor grensene til Sogn og Fjordane. Men Taxi1 har større ambisjonar enn dette.

Den nye ladeparken for el-drosjar på Flesland kan lade 12 drosjar samstundes og er den største i Norden.

Forslag om at alle drosjar skal bli utsleppsfrie

– Vi er positive til el-drosjar og har som mål at alle drosjane våre skal bli elektriske innan to år. Førebels eig vi ein el-drosje og har nokre løyvehavarar som køyrer for oss med el-drosje. Vi var først ut med el-drosje i fylket i 2011. I dag er eg her med ein helt flunkande ny Renault som går 30 mil pr lading. Det medfører at eg berre treng å lade den ein gong i døgnet, seier Aasmul.

Ladeparken på Flesland er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Avinor og BKK, som har delt på utgiftene. Fylkeskommunen har mellom anna gjeve vel to millionar kroner i støtte, 300 000 kroner av eigne midlar og resten gjennom øyremerka tilskot frå Miljødirektoratet. Avinor har betalt ein halv million kroner, og BKK har stått for sjølve utbygginga.

Treng ladepunkt over heile fylket

Fylkeskommunen har og samarbeid om utbygging av ladarar med drosjenæringa.

– VI har eit godt samarbeid med fylkeskommunen. Ved drosjesentralen vår i Godvik held vi på å bygge ut for lading av 50 el-drosjar. Det skal stå klart innan andre veka i februar. Vi har totalt 55 eigne drosjar pluss løyvehavarar som køyrar eigne drosjar for oss. Framover vil vi trenge ladepunkt over heile fylket. Vi vil ha dei i nærleiken av haldeplassane der kundane er, seier Robert Aasmul i Taxi1.

Samarbeid om utbygging

Fylkeskommunanen samarbeidar og med dei andre drosjeselskapa om vidare utbygging av ladarar for å oppfylle krava om el-drosjar.

– Prosjektet om å legge til rette for elektriske drosjar starta som et samarbeid mellom drosjenæringa, Avinor, Miljødirektoratet og Hordaland fylkeskommune i 2015. Politikarane i Vestland behandlar no eit forslag om å stille krav om nullutslepp i drosjenæringa frå 2024. Fylkeskommunen har difor jobba i lengre tid for å få etablert eksklusiv ladeinfrastruktur for drosjenæringa. Når all drosjekøyring i tidlegare Hordaland fylke går over på straum, vil dei direkte utsleppa gå ned med over 9 500 tonn CO2 i året. Det tilsvarar nesten tre prosent av det samla utsleppet frå personbilar i Hordaland. Dette er heilt nødvendig om vi skal bidra til å avverge klimakrisa, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Blir avgjort i fylkestinget

Saka om nullutslepp frå drosjar var i hovudutval for samfersel og mobilitet 15. januar og blir vidare behandla i fylkesutvalet 30. januar og endeleg avgjort i fylkestinget 3. mars.