Opna storsatsing på teknologi og innovasjon

Før bygde dei båtar på det gamle verftsområdet i Førde. No skal dei byggje framtida og skape nye løysingar innan robotikk, automasjon, elkraft, bygg og helseteknologi.

Campus Verftet i Førde opna tysdag 10. november. Her er det laga eit stort felleslokale med laboratoriefasilitetar som kan brukast av både elevar, studentar og næringsliv.

Møteplass for teknologiutvikling

– Under dette taket – og på dette området – er det no etablert ein møteplass som set teknologiutvikling og innovasjon i sentrum. Det gamle verftsområdet her har sterke og unike fortrinn med store og ulike areal som kan romme mange funksjonar for både utdanning og næringsliv, sa Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse under opninga.

Campus Verftet er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, ved Fagskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Sunnfjord kommune og lokale næringsaktørar.

foto frå opninga av Campus Verftet i Førde
DEMONSTRASJON: Omvisning i lokala og demontrasjon av robotteknologi var noko av det deltakarane på opninga fekk med seg. Veggane er dekorerte med historia til staden og lokala, frå den tida det vart bygt båtar der. (Foto: Silje Marie Hatlestad/Høgskulen på Vestlandet)

Arbeidsliv og akademia

Samarbeidet og kontakten mellom arbeidsliv og akademia gir alle partar gode høve for nyskaping med laboratorium ingen hadde greidd å finansiere aleine. Her skal studentar ved høgskulen og elevar ved både fagskulen og dei vidaregåande skulane i området gjere seg kjende med ny teknologi.

– Det er avgjerande at studentane får øving i utstyr dei møter i arbeidslivet. Gjennom studia må dei bli eksponerte for teknologien dei møter seinare. Vi vil at studentane skal bli introduserte for utfordringar i næringslivet og bli utfordra til å finne løysingar. Difor håpar vi næringslivet tek ei aktiv rolle overfor studentane, og brukar ressursane dei har, sa Berit Rokne, rektor på Høgskulen på Vestlandet.

Foto frå opninga av Campus Verftet i Førde
Opninga av Campus Verftet vart sendt direkte på nett, slik at alle kunne delta trass i koronarestriksjonar for fysisk oppmøte. To av dei som var på plass på opninga var Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse, og Rolf Årdal, områdeleiar for Vestland nord. (Foto: Silje Marie Hatlestad/Høgskulen på Vestlandet)

Livslang læring

Hovudutvalsleiar Karianne Torvanger håpar Campus Verftet kan vere med og gjere utdannings- og forskingsmiljøa i Førde endå meir relevante for næringslivet. Og at det unike samarbeidet mellom fagskulen og høgskulen skal gjere begge til ei sterkare drivkraft i regionen.

– Prosjektleiinga har hatt Frå bhg til phd som arbeidstittel på prosjektet. Det skal vere for alle aldersgrupper, frå barnehage til doktorgrad. Slik gir vi innhald til omgrepet livslang læring og set det ut i praksis på ein glimrande måte. Det blir spennande å følgje dette miljøet framover – for det er no arbeidet verkeleg startar, seier Torvanger.