Nye 35,8 mill. kr i støtte til nærings- og kulturliv

– Vi er framleis uroa over konsekvensane av pandemien, seier fylkesordførar Jon Askeland. Difor har fylkesutvalet samrøystes vedteke å bruke ytterlegare 35,8 millionar kroner til å dempe verknadene for nærings- og kulturlivet i Vestland.

MEIR STØTTE: Vestland fylkeskommune vil bruke meir pengar på å hjelpe nærings- og kulturliv i Vestland.
MEIR STØTTE: Vestland fylkeskommune vil bruke meir pengar på å hjelpe nærings- og kulturliv i Vestland.

Pengane er ein del av overskotet i Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar i fjor. Summen blir delt likt mellom tiltak til næringslivet og tiltak til kulturlivet.

Kriterium for tildeling

Hovudutval for næring har fått i oppgåve å fordele pengane til næringslivet, mens hovudutval for kultur, idrett og integrering skal ta seg av fordelinga innan kulturlivet. Hovudutvala skal utarbeide eigne kriterium for tildeling av midlane.

Brei politisk semje

– Vi er midt i den djupaste økonomiske krisa i moderne tid. Fylkeskommunen har fått svært mange gode tilbakemeldingar på at vi var raskt ute med hjelpetiltak. Det er brei politisk semje om at vi framleis må ta medansvar for å hjelpe dei som er råka. Difor ønskjer vi å bruke delar av overskotet frå i fjor til dette. Pengane frå oss kjem i tillegg til statlege, kommunale og private ordningar, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Vil kome tilbake til fordeling

Dei to hovudutvala vil kome tilbake til korleis dei 35,8 millionar kronene skal bli tildelt.