Ny rekord i kollektivreisande

I 2019 var det ny rekord i kollektivtrafikken i Hordaland med 78,9 millionar reisande. Det er ein auke på 6 prosent i høve 2018. Bybanen aukar mest, med heile 16 prosent, og nærmare seg 19 millionar årlege passasjerar.

BybaneB3121N1000.jpg
AUKAR MEST: Bybanen aukar mest og hadde nær 19 millionar passasjerar i fjor.

Sidan 2010 har passasjertala for kollektivtrafikken i Hordaland hatt god vekst kvart einaste år. For reiser innan Bergen kommune er auken på nær 140 prosent sidan 2010. Reisetala for 2019 syner framleis at stadig fleire reiser med buss, båt og bybane.

I 2018 viste statistikken for Hordaland at det var totalt 73 millionar kollektivreiser. Reisestatistikken frå Skyss for 2019 endar på 78,9 millionar reiser, som gir ein prosentvis auke på 6 prosent.

Aukar meir enn auken i folketal

Auken i reisetala er langt over veksten i folketalet i regionen, som i Bergen var på 0,5 prosent i 2019, og i Hordaland totalt under 0,4 prosent, ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Statistikken for kollektivreisande i Hordaland viser formidable gode tal. Eg er veldig takknemleg for at innbyggarane reiser kollektivt og klimavennleg. Det er tilfredstillande å sjå at våre politiske prioriteringar, blir sett pris på og at den sterke veksten held fram. Vi ser at velfungerande kollektivtrafikk også er ein nøkkel for at vi når nullvekstmålet for personbiltrafikken, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Tal påstigingar 2019:

Geografisk fordeling

2017

2018

2019

% endring frå 2018

Buss Bergen kommune

43 160 000

44 303 000

46 153 000

4 %

Buss Bergensområdet

48 408 000

49 073 000

50 477 000

3 %

Bybane

12 591 000

14 862 000

18 655 000

16 %

Total Bergensområdet*

61 563 000

64 528 000

69 804 000

6 %

Båt Kleppestø-Strandkaien

563 000

593 000

672 000

13 %

Buss Hordaland utanom Bergensområdet

7 753 000

7 877 000

8 568 000

9 %

Båt Hordaland utanom Bergensområdet (brutto)

547 000

556 000

563 000

1 %

Total Hordaland

69 863 000

72 961 000

78 935 000

6 %

*Inkl. båt Kleppestø-Strandkaien

 Bergensområdet = Bussområda Bergen sentrum, Bergen sør (inkl. Os), Bergen nord, Vest (Askøy, Sotra, Øygarden), Bybanen og båt Kleppestø-Strandkaien.

Transportmiddel

2017

2018

2019

% endring frå 2018

Buss

56 162 000

56 950 000

59 045 000

4 %

Bybane

12 591 000

14 862 000

18 655 000

16 %

Båt*

1 110 000

1 149 000

1 235 000

8 %

Total

69 863 000

72 961 000

78 935 000

6 %

*Inkl. Kleppestø-Strandkaien, Knarvik-Frekhaug-Bergen, Sunnhordland-Austevoll-Bergen og lokalbåtrute Austevoll 

18,7 millionar på Bybanen

Bybanen hadde nær 18,7 millionar påstigingar i 2019. Veksten er på heile 16 prosent samanlikna med året før. I 2019 var det i snitt nær 60 000 daglege påstigingar på Bybanen på kvardagar.

– Bybanen har ei særstilling i kollektivsystemet vårt, og dei enorme reisetala syner kva for ein suksess banen er. Tala understrekar også kor viktig det er med vidare utbygging, slik at fleire bydelar kan få det same gode tilbodet, seier Jon Askeland.

Stor passasjerauke på båt

For båt har talet på påstigingar auka med 8 prosent frå 2018. Det er i hovudsak Askøyruta (Kleppestø-Strandkaien) som står for veksten. Totalt sett utgjer båtpassasjerane 1,6 prosent av dei kollektivreisande i fylket.

Auke i bussreisande

Det er vekst i talet på påstigingar på buss både i og utanfor Bergen. I Hordaland er det ein auke på 9 prosent i tal reisande utanom Bergensområdet.
–  Eg synest det er ein god auke for bussreisande også i distrikta i Hordaland, noko som viser at vi må fortsette å legge til rette for gode kollektivtilbod i heile fylket.

Noko av årsaka til høgare tal for Hordaland er automatisk passasjerteljing i Nordhordland, som gir sikrare reisetal. Samstundes er det teikn på at den nye takst- og sonestrukturen frå hausten 2018, har gitt auke i talet på bussreisande, særleg i pendlarkorridorane inn mot Bergen. Det vert seld fleire 30-dagars periodebillettar enn før, og det er auke i salet på slike billettar mellom sone A (Bergen) og pendlaromlandet. Skyss arbeider med ei evaluering av takst- og sonestrukturen der dei ser nærare på desse effektane. 

Omleggingar av busstrafikken

I samband med stenginga av Olav Kyrres gate i april 2019 fekk svært mange busslinjer i Bergen nytt køyremønster i Bergen sentrum. Reisestatistikken syner gledeleg nok at reisetala for buss blir oppretthaldne. Noko av auken i påstigingar på Bybanen kan ha samanheng med at fleire reisande tek banen mellom Byparken og Bergen busstasjon, for å kome til og frå bussen sin. 

Om passasjerstatistikken

Reisetala for Bybanen er i 2019 i all hovudsak basert på automatisk passasjerteljing, der teljeutstyr (APC) er innført om bord på alle vognene. Betre datagrunnlag gir betre kvalitet på passasjerstatistikken. Endringa i prosent for 2019 i forhold til 2018 er basert på dei fire siste månadene av året, som hadde same kvalitet for datagrunnlaget.