Ny pensjonsavtale for kommunalt tilsette
Fylkestinget i Vestland har i dag vedteke å tildele kontrakten for tenestepensjon for kommunalt tilsette til Storebrand.

Dette skjer på bakgrunn av ein konkurranse i marknaden.
To tilbod
Det kom inn tilbod frå to profesjonelle aktørar, KLP og Storebrand, der Storebrand etter ei grundig totalvurdering fekk høgast skår.
Fylkestinget har på dette grunnlaget tildelt kontrakt på forvaltning og administrasjon av Vestland fylkeskommune si pensjonsordning til Storebrand for åra 2021-2022, med opsjon for ytterlegare 1 + 1 år.
Etter at melding om tildeling er sendt leverandørane, løper ein klagefrist på 10 dagar.
Ytinga til pensjonistar ikkje påverka
Ytinga dei tilsette får som pensjonistar vert ikkje påverka av denne kontrakten om forvaltning og administrasjon av pensjonsordninga. Pensjonsrettane er avtala gjennom tariffavtaler og eksisterande lovverk på fagområdet. Pedagogisk tilsette i Vestland fylkeskommune vil framleis ha tenestepensjonsordninga si i Statens pensjonskasse.