Ni skular i Vestland deltok i noregsmeisterskap i klima
I to veker konkurrerte vidaregåande skular over heile landet i å redusere eigne CO2-utslepp i kvardagen. Målet var å skape medvit om at handling skapar endring.

Klimameisterskapet varte frå 21. januar til 4. februar. 53 skular deltok på landsbasis, ni av dei var skular frå tidlegare Sogn og Fjordane.
At ein person åleine sløkker lyset, betyr ikkje så mykje. Men når elevar over heile landet sløkker lyset, syner det at dei er villige til å gjere endringar i liva sine.
Vart meir bevisste på enkle val
– Engasjementet blant elevane var stort. Mange fortel at dei gjennom meisterskapet har blitt meir bevisste på enkle, kvardagslege val dei kan ta, for å bidra med ei meir klima- og miljøvennleg framferd, fortel Magne Larsen, som var koordinator for konkurransen på Firda vidaregåande skule på Sandane.
Dei andre skulane som deltok frå fylket var Eid, Hafstad, Mo og Øyrane, Dale, Sogndal, Høyanger, Stryn og Sogn jord- og hagebruksskule. I tillegg til den nasjonale konkurransen, konkurrerte desse skulane også mot kvarandre i ein lokal konkurranse.
Meisterskapet vart gjennomført ved at kvar elev dagleg registrerte dei klimavennlege aktivitetane dei hadde gjennomført. Det var definert eit fast utval av aktivitetar, som skulle bidra til å skape bevisstheit kring kategoriane energisparing, berekraftig forbruk, transport og kosthald.
Elevar etterlyser fleire klimatiltak
– Elevane har ikkje minst blitt meir bevisste på å minske forbruket sitt. I etterkant av meisterskapet har engasjerte elevar mellom anna skipa til ein lokal bytemarknad på skulen. Dei etterlyser også fleire vegetarrettar på Open skule og etterspør sy-kveldar for å sy handlenett og sy om gamle kle, fortel Larsen.
Konkurransen målte kor stort reduksjon i CO2-utslepp den enkelte deltakar kunne skape målt opp i mot utsleppa til ein gjennomsnittleg nordmann. Vilje til å endre personlege vanar og vilje til å prøve ut dei ulike aktivitetane var sentralt i konkurransen.
Jord- og hagebruksskulen imponerte nasjonalt
Klimakonkurransen var delt inn i to klassar, ein for små og ein for store skular. Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland imponerte og mobiliserte og leia konkurransen for små skular heilt til det var att ti minuttar. Då sneik Skansen videregående steineskole i Trondheim seg forbi og kapra førsteplassen.
På nettsida til klimameisterskapen fekk deltakarane fortløpande oppdatering på status for kvar enkelt skule. I tillegg kunne ulike grupper eller klassar konkurrere internt på den enkelte skule.
– Det at elevane fortløpande var oppdaterte på status i konkurransen, skapte ekstra motivasjon og engasjement, fortel Larsen.
I den nasjonale konkurransen for store skular kom Firda vidaregåande skule på fjerdeplass og Eid vidaregåande skule på femteplass.
15 000 kroner til lokale vinnarar
Den lokale konkurransen tok utgangspunkt i resultata frå den nasjonale, og Sogn jord- og hagebruksskule var såleis ein soleklar vinnar. Elevane der hadde registrert ei innsparing på 125,7 kg CO2. Firda kom på andreplass med ei innsparing på 89,2 kg CO2.
Klimameisterskapen skulle eigentleg arrangerast i november 2019, og tidlegare Sogn og Fjordane fylkeskommune stilte difor med ein ekstra motivasjonsfaktor i den lokale konkurransen. Vinnaren fekk 15 000 kr, og andreplassen fekk 7000 kr. I tillegg fekk to tilfeldige skular frå deltakarskulane ein bonuspremie på 4000 kr kvar. Klassane som vart trekte ut var 1STB på Eid og 2STA i Høyanger.
– Vi støtta deltakinga for å vere med å utdanne nullutsleppsgenerasjonen. Premiane var tenkte som ekstra motivasjon til å delta, og vinnarane skal bruke midlane til klimatiltak og/eller sosiale tiltak på den enkelte skule. Det skal vere eit grønt og klimavenleg preg på pengebruken, seier Ida-Beate Mølmesdal, som var klimakoordinator i Vestland fylkeskommune.
Vurderer om fleire skal delta neste gong
Deltaking i klimameisterskapen var eit eige tiltak i oppfølging av den regionale klimaplanen. Det er firmaet Ducky som står bak klimameisterskapet, i samarbeid med Framtiden i våre hender og Natur og ungdom.
Vestland fylkeskommune evaluerer no deltakinga i meisterskapen og vurderer om fleire av skulane skal delta når dette blir arrangert neste gong.