Munnleg eksamen avlyst - prioriterer privatisteksamen

Alle munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eleveksamen er avlyste våren 2020. Mange fylke har sagt at dei ikkje vil greie å gjennomføre både eleveksamen og privatisteksamen. No har regjeringa følgt opp dette.

PRIVATISTEKSAMEN: Privatistane kan ikkje legge vekk bøkene heilt  enno. Men munnleg eksamen i den vidaregåande skulen er avlyst. Illustrasjonsfoto: Shutterstock.
PRIVATISTEKSAMEN: Privatistane kan ikkje legge vekk bøkene heilt enno. Men munnleg eksamen i den vidaregåande skulen er avlyst. Illustrasjonsfoto: Shutterstock.

Onsdag 25. mars kunngjorde regjeringa at alle skriftlege eksamenar i vidaregåande skule er avlyst. Tysdag 21. april har regjeringa følgd opp med å avlyse alle ikkje-skriftlege eleveksamenar. Det betyr at også munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eleveksamen er avlyst våren 2020. Avgjerda medfører at fylkeskommunane kan konsentrere seg om gjennomføringa av privatisteksamen, som skal gå som planlagt.

Prioriterer privatisteksamen

Dette er i tråd med råda frå fylkeskommunane, som har vore tydelege på at mange fylke ikkje vil greie å gjennomføre både eleveksamen og privatisteksamen. Dei har verken lokale eller eksamensvakter til å gjere begge deler parallelt. Både KS og lærarorganisasjonane har fullt ut støtta denne linja.

–  Vi skulle sjølvsagt aller helst gjennomført eksamen som vanleg, men fylka har vore tydelege på at vi må prioritere. Difor prioriterer vi å gjennomføre privatisteksamenar. Det viktigaste for elevane i vidaregåande er at dei får ei grundig standpunktvurdering og vitnemål, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

– Trur eg har elevar og lærarar bak meg

– Eksamen er svært viktig både for elevar og lærarar som dokumentasjon på sluttkompetanse i vidaregåande skule. Slik som situasjonen er blitt no med stenging av skular og ulike føresetnader for å nå læreplanmåla i mange fag, er det likevel ei klok avgjerd å avlyse alle eksamenar. Eg er sikker på at eg har fleirtalet av elevar og lærarar bak meg i denne vurderinga, seier Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse.