Millionpris til Fagskolen i Hordaland

– Dette er ei kjempefjør i hatten for oss, seier rektor Torbjørn Mjelstad etter at Fagskolen i Hordaland har vunne den nasjonale prisen for kvalitet i utdanning på ein million kroner.

JUBEL FOR PRIS: Rektor Torbjørn Mjelstad og Mona Skjønhaug (lektor, t.v.) og Trude Amundsen (lektor). (Foto: DIKU)
JUBEL FOR PRIS: Rektor Torbjørn Mjelstad og Mona Skjønhaug (lektor, t.v.) og Trude Amundsen (lektor). (Foto: DIKU)

Prisen vart onsdag 11. november delt ut av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (DIKU). Statssekretær Aase Marthe J. Horrigmo i Kunnskapsdepartementet delte ut prisen på den nasjonale Fagskolekonferansen 2020. Fagskolen i Hordaland vinn prisen for kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning.

Vinnaroppskrift

– Fagskulen får prisen for å ha auka kvaliteten i det nettbaserte tilbodet ved skulen. Juryen seier fagskulen har funne vinnaroppskrifta på auka kvalitet i undervisinga. Eg håpar og trur at dette kan vere til inspirasjon for andre. Dette er eit område vi alle må bli gode på. Gratulerer med velfortent pris, sa statssekretæren under utdelinga.

Skal vere best i landet

Fylkespolitikar Emil Gadolin er både styreleiar for Fagskolen og medlem av hovudutval for opplæring og kompetanse.

– Ambisjonen vår er at Vestland skal ha den beste fagskulen i landet. Med denne prisen er vi på riktig veg. Eg vil gratulere heile fagskulen og ikkje minst dei som har gått foran med dette prosjektet, seier Gadolin.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim var i oktober på omvising på Fagskolen i Hordaland og fekk mellom anna orientering om det super-moderne, digitale laboratoriet der studentane Jørgen Mo (t.v.) og Dag Endre Waage simulerer industriell produksjon med datamaskin og robotar.
Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim var i oktober på omvising på Fagskolen i Hordaland og fekk mellom anna orientering om det super-moderne, digitale laboratoriet der studentane Jørgen Mo (t.v.) og Dag Endre Waage simulerer industriell produksjon med datamaskin og robotar.

Tidleg ute med nettundervising

Fagskulen får prisen for prosjektet «Eg e-lærer» der målet har vore å auke kvaliteten i det nettbaserte tilbodet ved skulen.

– Få ting er vel meir tydeleg i 2020 enn at kvaliteten på nettundervising for alle skuleslag er heilt avgjerande. I motsetning til mange andre, er ikkje nettundervising noko nytt for Fagskolen i Hordaland. Dette har skulen utvikla over mange år. Eg vil peike på at vi har dyktige tilsette som følgjer med i tida og leverer høg kvalitet både fysisk og på nett, seier Emil Gadolin. Det var styret ved skulen som nominerte prosjektet til prisen.

I front med utvikling

Fylkesdirektør Bjørn Lyngedal for opplæring og kompetanse, gratulerer.

– Dette er strålande. Fagskulen er noko det blir satsa på, både her i fylket og nasjonalt. Prisen viser at vi har ein fagskule som er i stand til å utvikle seg etter behovet i næringslivet, spesielt innan den teknologiske utviklinga. Skulen satsar på prosjekt som er framtidsretta. Dei gjer eit fantastisk arbeid. Det er flott at vi har skular som er så fremoverlent og går i front med utvikling av nye tilbod, seier Bjørn Lyngedal.

Heng høgt

Rektor Torbjørn Mjelstad er stolt.

– Denne prisen heng høgt. Den viser at vi er i første rekke. Fagskulane har dei siste åra gjennomgått store endringar, og det blir stilt høgare krav til kvalitet og relevans til utdanningar som vi leverer. Fagskulane har fått den plass dei fortenar som høgare yrkesfagleg utdanning.  Dette er ei viktig utvikling for den praktisk, teoretisk utdanninga som fagskulane tilbyr, seier rektor.

Har løfta skulen

Vinnarprosjektet «Eg e-lærer» starta i 2018.

– Dette prosjektet har løfta skulen. Målet var å utvikle kompetansen til lærarane innan nettpedagogikk og bruk av digitale verktøy. Vi kjøpte inn utstyr som skapte læringsfellesskap og la til rette for god oppfølging av studentane og auka studentaktivitet. Med dette har vi auke kvaliteten i utdanninga. Digitalisering bidrar til å gi studentane praksisnær utdanning og dei tilsette fagleg oppdatering, seier rektor Torbjørn Mjelstad.

Kjerstin Bruvold Klokkeide var prosjektleiar for "Eg e-lærer". Ho er for tida i permisjon.