Miljøvenleg riving av fylkeshuset

– Her er det lite støv og støy. Vi er miljøvenlege og tek omsyn til naboar og omgivnaden, seier anleggsleiar Edvin Hesjedal. Rivinga av fylkeshuset er i full gang.

LITE STØV OG STØY: 11. etasje er no blitt taket på fylkeshuset. Seks etasjar er vekke.
LITE STØV OG STØY: 11. etasje er no blitt taket på fylkeshuset. Seks etasjar er vekke.

Dei seks øvste etasjane av det gamle fylkeshuset i Bergen sentrum er vekke. Golvet i 11. etasje er no taket på fylkeshuset. I vekene framover skal etasje for etasje vidare nedover skrellast vekk.

Tre robotrivemaskinar er i sving på toppen av fylkeshuset. Dei er på 2,5 tonn kvar og har ei kjeft som riv betongen opp i mindre bitar.
Tre robotrivemaskinar er i sving på toppen av fylkeshuset. Dei er på 2,5 tonn kvar og har ei kjeft som riv betongen opp i mindre bitar.

Aldri jobba så høgt før

Jørgen Horntvedt, eigar av J. H. Byggteknikk, har leia rivearbeidet av dei seks øvste etasjane.

– Vi starta 15. juli og har rive om lag ein etasje i veka. Arbeidet har vore svært utfordrande. Vi har aldri jobba så høgt før. Her er store massar med betong som skal vekk frå eit lite område på kort tid, men jobben har gått greitt, seier Horntvedt som har to tilsette med seg på jobben.

– Arbeidet har vore svært utfordrande. Vi har aldri jobba så høgt før, seier Jørgen Horntvedt i J. H. Byggteknikk (t.h.). Edvin Hesjedal (i midten) er anleggsleiar, og Svein Roger Bye fjernstyrer robotrivaren.

Aktivt fugleliv på taket

Fuglelivet på toppen av fylkeshuset kunne bli ei utfordring for rivinga av den øvste etasjen. Etter at fylkesfalken i vår flaug for å hekke inne på viddene, har måkene overtatt og lagt reir.

– Måkene passa godt på måkeungane og stupte ned mot oss om vi nærma oss. Men heldigvis reiste måkene og måkeungane før vi starta på sjølve rivingsarbeidet. Og fylkesfalken er det ein god stund sidan vi har sett, seier Hesjedal.

Svein Roger Bye styrer ein robotrivemaskin som sakte og trygt har fjerna betongen frå 16. til 11. etasje.
Svein Roger Bye styrer ein robotrivemaskin som sakte og trygt har fjerna betongen frå 16. til 11. etasje.

Robotstyret rivemaskin

Sjølve rivearbeidet av fylkeshuset blir utført av tre robotstyrte rivemaskinar på 2,5 tonn kvar.

– Dei tygg betongen før vi sender den i store bitar ned dei fire heissjaktene. Betong og jern blir skilt frå kvarandre. Jernet blir køyrt til gjenvinning, mens betongen går til gjenbruk her i Bergen. Til no har vi rive 6500 kvadratmeter med betong. Det utgjer 3500 tonn, seier Jørgen Horntvedt.

– Rivearbeidet har gått på ein god og sikker måte, seier Hege Johansen, prosjektleiar for nytt fylkeshus i Vestland fylkeskommune. Thor Stian Sletten (t.v.) er assisterande byggeleiar i LAB entreprenør, og Edvin Hesjedal er anleggsleiar i LAB entreprenør som har fått jobben med å rive og bygge nytt fylkeshus.

Miljøgevinst

I fylkeshuset er det totalt 21 000 tonn betong. Den skulle opprinneleg til Nederland for å bli vegfyll.

– Vi har i staden fått avtale om å bruke betongen lokalt her i Bergen. Den skal brukast til gang- og sykkelvegar og til støyvoll. Dette blir ein miljøgevinst, seier anleggsleiaren.

Vidare bruk av dei store betongmassane i fylkeshuset blir dermed kortreist. Det meste skal bli gang- og sykkelvegar rundt bustadutbygginga på Lagunetoppen der det skal kome 217 nye husvære. Resten av betongmassane skal bli støyvoll for husværa som er under bygging i Skiparvika der nye E39 skal gå rett forbi i 2022.

– Vi har eit godt forhold til naboane og Bybanen,, seier anleggsleiar Edvin Hesjedal. Rivearbeidet har pågått på ein miljøvenleg og trygg måte. Seks etasjar er no vekke av fylkeshuset.
– Vi har eit godt forhold til naboane og Bybanen,, seier anleggsleiar Edvin Hesjedal. Rivearbeidet har pågått på ein miljøvenleg og trygg måte. Seks etasjar er no vekke av fylkeshuset.

Godt forhold til Bybanen og Aasegården

Rivinga av fylkeshuset er blitt lagt merke til. Noko støy og støv har kome frå rivingsarbeidet, men forholdet til naboane har vore godt, spesielt Bybanen og Aasegården.

– Alt går etter planen. Eg er imponert over kva robotrivemaskinane har gjort. Maskinane går på straum, så det blir lite støy, men naboane har nok merka kva som føregår her og lurer på kva som skjer. Ikkje alle har fått med seg at fylkeshuset er blitt vesentleg lågare. Vi har hatt samtalar med naboane og oppretta telefon som dei kan ringe, men vi har ikkje fått mange klager. Vi har reglar for kor mykje støy vi kan ha og har funne løysingar i lag, seier Hesjedal.

Det er blitt luftig frå 11. etasje i fylkeshuset og ut mot mediebyen. Ein robotrivemaskin står på kanten av stupet.
Det er blitt luftig frå 11. etasje i fylkeshuset og ut mot mediebyen. Ein robotrivemaskin står på kanten av stupet.

Ingen uhell

Hege Johansen, prosjektleiar for nytt fylkeshus, skryt av riveprosessen så langt.

– Vi har ikkje hatt uhell på byggeplassen. Arbeidet har gått på ein god og sikker måte. Vi tek helse, miljø og tryggleik på alvor, seier Johansen.

Ein gravemaskin er i ferd med å rigge til for at den største rivemaskinen i sitt slag i Noreg, skal få plass for å fjerne resten av fylkeshuset.
Ein gravemaskin er i ferd med å rigge til for at den største rivemaskinen i sitt slag i Noreg, skal få plass for å fjerne resten av fylkeshuset.

Den største i Norge

Den vidare rivinga av fylkeshuset frå 11. etasje og ned til bakken skal bli utført av den største rivemaskinen i sitt slag her i landet.

– Første veke i september kjem ein rivemaskin på 107 tonn, med ein arm som er 37 meter høg og har ein kjeft på tre tonn som skal tygge betong. Kjeften har kamera, slik at operatøren kan styre rivinga. Denne rivejobben vil pågå til oktober/november, seier anleggsleiar Edvin Hesjedal.

Det er ikkje mykje igjen av dei fire trappegangane i fylkeshuset. Dei er fulle av betong som skal vekk.
Det er ikkje mykje igjen av dei fire trappegangane i fylkeshuset. Dei er fulle av betong som skal vekk.