Måløy vidaregåande skule får nytt opplæringsfartøy

Fylkestinget har i dag vedteke å bruke 100 millionar kroner på å byggje nytt undervisningsfartøy ved Måløy vidaregåande skule.

foto av opplæringsfartøyet Skulebas
BYGGJER NYTT: Det nye opplæringsfartøyet skal erstatte Skulebas, som er dagens "flytande klasserom" ved Måløy vidaregåande skule. (Foto: Måløy vidaregåande skule)

– Dette er eit viktig vedtak for både ungdomane våre og for næringslivet. Eit nytt, moderne og framtidsretta opplæringsfartøy vil vere med å rekruttere og utdanne framtidas arbeidstakarar i ei av dei viktigaste næringane i både fylket og landet, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Eit samla fylkesting stilte seg bak vedtaket. Det samla budsjettet for det nye opplæringsfartøyet blir på 112 millionar, der 12 millionar er statlege klimasats-midlar til hybrid drift. Planen er at det nye opplæringsfartøyet skal vere levert til årsskiftet 2022–23.

Framtidsretta satsing

Saka med nytt opplæringsfartøy vart omtalt som ei gladsak av fleire av medlemmane i fylkestinget. Fleire tok til orde for å at ein her har kome fram til ei god løysing, som møter behovet skulen har i undervisninga. Fleire av representantane peika også at dette er ei viktig brikke i styrkinga av kompetansemiljøet ved Måløy vidaregåande skule.

– Vi satsar stort i Måløy, med opprusting av skulen, bygging av akvahall og nytt opplæringsfartøy. Dette er noko av det mest framtidsretta vi kan nytte pengar på no. Eg er også glad for at vi her prioriterer hybridløysingar, noko som er i tråd med nullutsleppsmålet i utviklingsplanen vår, seier fylkesordføraren.

Løyser det innan budsjettramma

Prosjektet nytt opplæringsfartøy vart opphavleg lyst ut hausten 2019, men konkurransen vart avlyst då mottekne tilbod var vesentleg over vedteke budsjett. Ei styringsgruppe har difor jobba med å sjå på om det er mogleg å realisere fartøyet innan budsjettramma. Gruppa har også sett på om det er eit alternativ å bygge om eit brukt fartøy til nytt opplæringsfartøy.

Konklusjonen er at fartøyet kan realiserast innan budsjettramma dersom krava til fartøyet blir noko redusert. Når det gjeld nybygging versus ombygging, konkluderer styringsgruppa med at sjølv om ombygging vil gje ein vesentleg lågare investeringskostnad, så vil ei slik løysing ha større driftskostnadar.

Les meir detaljert om kravspesifikasjonar og vurderingar i saksframlegget til fylkestinget.