Løyver 13 millionar til innovasjon og næringsutvikling i Vestland

Auka kunnskap om situasjonen for villaks og aure, kompetanseutvikling for lokalmatprodusentar og gode buforhold for innvandrarar. Dette er noko av det som no får støtte frå Vestland fylkeskommune.

BYGGER KUNNSKAP: Vestland fylkeskommune løyver om lag 3 millionar kroner til å oppdatere kunnskapsgrunnlaget om villaks og aure som trafikklyssystemet for oppdrettsnæringa bygger på. Illustrasjonsfoto.
BYGGER KUNNSKAP: Vestland fylkeskommune løyver om lag 3 millionar kroner til å oppdatere kunnskapsgrunnlaget om villaks og aure som trafikklyssystemet for oppdrettsnæringa bygger på. Illustrasjonsfoto.

Hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune løyver 13 millionar kroner til 22 ulike prosjekt.

Tildelingane gjeld støtte til utviklingsprosjekt for å realisere dei politisk vedtekne innsatsområda i Handlingsplan for innovasjon og næringsutvikling 2020 (HNV 2020). Dette er andre runde av tildelinga i år. Til saman kom det inn 81 søknadar med ein samla søknadssum på vel 58 millionar innan fristen 15.september.

- Talet på søknadar viser at tilskotsordninga er svært populær. Det har komme inn mange gode søknadar. Dette viser at det skjer myke spennande i næringslivet i Vestland for tida, sjølv om koronasituasjonen gir store utfordringar. Vi er i ein svært spesiell situasjon og sju av dei 22 tildelingane går til prosjekt som søkjer midlar grunna koronasmitte, seier Sigrid Brattabø Handegard, nestleiar i hovudutval for næring.

Støtter kunnskapsgrunnlaget til trafikklysmodell

Eit av prosjekta som no får støtte er SALMON TRACKING 2030. Dei får om lag 3 millionar til å oppdatere kunnskapsgrunnlaget om villaks og aure som trafikklyssystemet for oppdrettsnæringa bygger på. Trafikklyssystemet skal regulere produksjonen av laksefisk langs norskekysten. Systemet går ut på at produsentane får eit pålegg om at dei må minske (raudt), kan fortsette med (gult) eller kan auke produksjonen (grønt) sin. Havforskingsinstituttet har delt opp kysten i 13 ulike område for laks- og aureoppdrett. Produksjonsreguleringa gjeld for to år om gongen.

Prosjektet vil auke kunnskapsgrunnlaget for trafikklysmodellen. Dette skal vere med på å utvikle ein målretta overvakingsmodell som skal styrke bestandane av vill laks og sjøaure i produksjonsområda i Vestland.

Bak prosjektet står eit partnarskap av oppdrettsbedrifter i Vestland og kunnskapsaktørar frå Universitetet i Bergen og Akvaplan Niva.

Sogn for alle

Eit anna prosjekt som får støtte, er Sogn for alle. Sogn regionråd får her 1,5 millionar for å få fleire innvandrarar til å bli buande i Sogn. Dette skal skje gjennom sysselsetjing, fellesskap og gode buforhold. Ønsket er at innvandrarar skal få brukt sine ressursar i arbeids- og samfunnsliv og at dette skal skape vekst i arbeidsplassar og god folketalsutvikling. Prosjektet skal jobbe heilskapleg og styrke samarbeidet mellom offentleg, privat og frivillig sektor.

Sogn for alle er eit av prosjekta som har fått midlar grunna ekstraordinære behov i samband med korona.

Kompetansenettverk for lokalmatprodusentar

Dette gjeld også Matarena som får 1,5 millionar til å vidareutvikle deira kompetansenettverk for lokalmatprodusentar. Lokalmatprodusentane i nettverket har behov for kontinuitet i arbeidet med å utvikle sin kompetanse. Dei ønskjer å bruke midlane til å oppnå større vekst og betre lønsemd for lokal matproduksjon.

Ekstra midlar

Dei 13 millionane som blir delt ut utgjer restmidlane etter den første utlysinga i vår på 5,2 millionar kroner. Hovudutval for næring har dessutan vedtatt å løyve 6 millionar ekstra til ekstern støtte til lokalsamfunn og næringsliv med ekstraordinære behov grunna korona-situasjonen. I tillegg er det løyva 2,4 millionar kroner i samband ned overskotsdisponering frå Innovasjon Noreg.