Lanserte bank med grøne løysingar for eit betre klima
Alle Klimapartnere-regionane lanserte denne veka «Den grønne løsningsbanken» med over 100 konkrete tips til korleis vi kan gå ei grønare framtid i møte.
Banken er fylt med tiltak og løysingar som partnarar i Klimapartnere har gjennomført. Målet er at banken skal fungere som ein idé-, inspirasjon- og kunnskapsbank for verksemder i både privat og offentleg sektor som vil løfte klimaarbeidet sitt.
Elektrisk revolusjon
– Her finn vi døme og løysingar som andre kan bli inspirerte av, lære noko av, og som dei kan integrere i eiga verksemd. Samarbeid, læring og erfaringsutveksling er stikkord. Vi står midt i ein elektrisk revolusjon – til lands, i lufta og til vanns. Vi trur at den grøne løysingabanken kan få ein positiv effekt på klimarekneskapen, seier Helene Frihammer, som er strategisk prosjektleiar for Klimapartnere nasjonalt og leiar av Klimapartnere Vestland.
Klimapartnere har regionale partnerskap i heile landet som følgjer same modell og samarbeider nasjonalt. Klimapartnere Vestland har 62 partnarar, og totalt i Noreg er det over 260 partnarar i dei ulike regionane. Dei jobbar for grøn næringsutvikling og er særleg opptekne av to av berekraftmåla til FN: 13 – stopp klimaendringane og 17 – samarbeid for å nå måla. Klimapartnere Vestland er forankra hjå Vestland fylkeskommune
Opna bankkvelvet
Saman med Stine Nygård, leiar for Klimapartnere Viken, lanserte Frihammer den grøne løysingsbanken under den nasjonale klimapartnerekonferansen 9. desember. Dei opna også bankkvelvet og gav nokre smakebitar.
Vi fekk eit innblikk i Langemyrprosjektet i Agder, der ambisjonen er å lage det første heilelektriske samfunnet i verda. Vi får bli med til Trondheim Torg, der dei har bygd klimavenleg og klimarobust på ein fossilfri byggeplass.
Og vi blir også nærare kjende med fleire prosjekt som gjeld båt og sjøliv. Johnny Breivik i Bergen Havn fortalde om korleis dei har jobba målretta og bevisst med landstraum dei siste åra. Bergen Havn fekk den første klima- og miljøprisen i Vestland fylkeskommune for dette arbeidet våren 2020.
Store utslepp frå fritidsbåtar
Nettopp elektrifisering til sjøs står høgt på agendaen for Klimapartnere for tida. Helene Frihammer fortel at dei fekk ei utfordring frå Elbåtforeningen i haust.
– Frititidsbåtmarknaden står for omtrent like store utslepp som ferjesektoren, om lag to prosent av dei totale utsleppa her i landet. No kartlegg vi elbåtmarknaden, samtidig som vi ser nærare på ombyggingsmarknaden. Elbåtmarknaden er kanskje i dag der elbilmarknaden var for ti år sidan, seier Frihammer.
Eitt av prosjekta Klimapartnere er med i, er «Den grønne leden», som skal gjere det mogleg å reise utsleppsfritt med båt frå Bergen til Bjørnafjorden.
Ambisiøs fylkeskommune
Både fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis deltok med ei helsing på klimapartnarkonferansen. Dei forsikra om at Vestland fylkeskommune vil gjere sitt for å nå klimamåla, blant anna gjennom å følgje opp den ambisiøse utviklingsplanen fylkestinget vedtok i haust.
– Vi har, som første region i verda, vedteke at vi skal vere eit nullutsleppsfylke innan 2030. Skal vi få til det, så må alle med, alle kommunar, verksemder og kvar og ein av oss. Det er ikkje berre tomt snakk, dette året har vi redusert utsleppa frå ferjeflåten med 95 prosent og 85 prosent frå kollektivtrafikken, sa Askeland og Golis.
Her kan du sjå heile helsinga – «vest er best», helsing fylkesordføraren.