Kunst i taket på dei nye bybanevognene
Kunst har lenge vore ein viktig del av bybaneprosjektet i Bergen, og det er kunst både langs traseen og på stoppestadane. No blir taka inne i vognene òg ein del av kunstprosjektet.

– Kunst i det offentlege rom er ein viktig del av fylkeskommunen sitt arbeid med kunst og kultur. Vi vil leggje til rette for at så mange som mogleg får høve til å oppleve ulike typar kunst i heile fylket vårt. Det er svært mange som reiser med Bybanen, og kunst i taket og i lydspora vil nå mange og bidra til å gjere reiseopplevinga betre og rikare , seier Ronny Skaar, som er seksjonssjef for kunst- og kulturutvikling i Vestland fylkeskommune.
Variert bakgrunn
Kunstkomiteen for Bybanen har valt ut kunstnarane Aurora Lund Solberg og Christian Messel til å lage kunst til taket i bybanevognene. Dei skal levere kunst til seks nye vognsett som skal gå på traseen til Fyllingsdalen. Kunsten skal trykkast i Bergen og så sendast vognleverandøren i Tyskland for montering.
– Vi er sikre på at desse to vil levere god og nyskapande kunst til Bybanen. Dei har ulik og variert bakgrunn og erfaring. Vi ser fram til å sjå kva dei leverer og til å vidareformidle kunsten deira til dei reisande, seier Skaar.
Frå årsskiftet 2022/23 blir det mogleg å ta kunsten i nærare augesyn på ein tur med Bybanen.

Leitte etter relevante kunstnarar
Christian Messel melde seg på prekvalifiseringskonkurransen for kunstprosjekt til byggetrinn fire av Bybanen. Innvendig kunst var ikkje del av den konkurransen, men då dette vart inkludert, vurderte kunstkomiteen både dei som hadde meldt seg på og andre relevante kunstnarar.
– Vi ville ta høgde for at fleire kunstnarar ville ha meldt seg dersom dei visste at prosjektet også inneheldt kunst for tak. Difor leitte vi også utanfor dei som melde seg på konkurransen, og der fann vi Aurora Lund Solberg. Vi såg særleg etter kunstnarar frå regionen, som ikkje allereie er veldig representerte i det offentlege rom, seier Skaar.
Kunstkomiteen for Bybanen har i tillegg til kunst i tak og lydspor sett i gang fleire store prosjekt ved haldeplassane på Haukeland, Kristianborg og i Fyllingsdalen.

Om kunstnarane
Aurora Lund Solberg, f. 1987, er busett i Bergen, der ho tok masteren sin i kunst ved Kunst- og designhøgskulen i 2017. Ho arbeider med måleri, dei seinare åra først og fremst akvarell. I tillegg til arbeid på papir, har ho arbeida i rom med måleri rett på glas. Mellom anna har ho målt på glas i tak, slik ho gjorde i samband med masterutstillinga i Bergen Kunsthall i 2017. Kunstkomiteen finn dette særs relevant og interessant som grunnlag for oppdraget med tak til vognene. Av arbeida presenterte på kunstnarens heimeside, har kunstkomiteen særleg merka seg serien Biotop.
Nettside: http://www.aurorasolberg.com/
Christian Messel, f. 1980, arbeider i hovudsak med teikning. Han melde seg i prekvalifiseringa, og vekte raskt kunstkomiteens merksemd, både grunna kvaliteten på arbeida og for refleksjonane rundt dei. Komiteen finn det òg særs interessant at han har bakgrunn frå graffiti, og at han spesifikt tek opp denne erfaringa i grunngjevinga for å søka eit kunstprosjekt til Bybanen. I samband med taka til vognene, har kunstkomiteen særleg merka seg teikningane han dokumenterte i søknaden, blant dei skissene til pengesetlar for Norges bank og Utan tittel (Robin Hood). Messel bur og arbeider i Oslo.
Nettside: https://www.christianmessel.com/