Koronasmitte ved fem av dei vidaregåande skolane i fylket

Det er laurdag ettermiddag stadfesta smitte hos ein elev og ein lærar ved Stord vidaregåande skule. Totalt er om lag 60 personar ved skolen i karantene. Ein lærar er òg smitta ved Nordahl Grieg vgs., men berre ei handfull er sett i karantene.

skulebygg
FÅ I KARANTENE: Berre ei handfull er sett i karantene ved Nordahl Grieg vgs. i motsetnad til ved Stord vgs., der om lag 60 er i karantene i påvente av smittesporing.

Ved Stord vgs. er det ein lærar ved skolen og ein elev ved idrettslinja som er smitta av korona. Inntil koronasentralen på Stord har undersøkt nærare kven som reknast som nærkontakt til desse, er 60 elevar og lærarar sett i karantene.

- Med desse tre nye smitta har vi totalt 6 kjente smittetilfelle av korona ved skolane våre i fylket. Vi er meir enn 25 000 elevar og lærarar, så i den store samanhengen er dette få tilfelle. På skolane har vi stor merksemd på dei vanlege smittevernreglane som omhandlar handvask, avstand og å ikkje kome på skolen når ein er sjuk, seier Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse.

I kontakt med få

Ein lærar ved Nordahl Grieg vidaregåande skole fekk påvist korona i går ettermiddag. Læraren har ikkje vore på skolen sidan tysdag 1.9. Elevar, føresette til elevar under 18 år og medarbeidarar som reknast som nærkontaktar, er varsla direkte. Læraren har hatt kontakt med få personar ved skolen og det er difor berre ei handfull personar som er sett i karantene. Oppfølging i samband med smittesporing og karantene gjer Bergen smittevernkontor.

Undervisninga held fram som normalt

Nyleg fekk ein elev ved Fyllingsdalen vgs., ein lærar ved Olsvikåsen vgs. og ein student ved Fagskolen i Hordaland, avd. Nedre Nygård påvist koronasmitte.

- Med auka smitte i samfunnet elles er det ikkje unaturleg at det òg vert smitte blant elevar og tilsette ved skolane våre. Vi har gode rutinar for å avgrense smitte og å iverksette tiltak ved påviste tilfelle av korona, som no. Det er so langt berre ein person ved kvar av dei fem skolane, bortsett frå Stord, som har fått påvist korona, så undervisninga ved skolane held fram som normalt, seier Lyngedal.