Korona: Heimekarantene får tilbakeverkande kraft

Alle som er komne tilbake frå område med vedvarande koronasmitte for mindre enn 14 dagar sidan, vert no bedne om å halde seg heime frå jobb og skule i 14 dagar frå heimkomst. Dette gjeld sjølv om du ikkje har symptom på sjukdom.

HEIMEKARANTENE: Sjølv om du ikkje har symptom på sjukdom, skal du ha heimekarantene om det er mindre enn 14 dagar sidan heimkomst frå risikro-område.
HEIMEKARANTENE: Sjølv om du ikkje har symptom på sjukdom, skal du ha heimekarantene om det er mindre enn 14 dagar sidan heimkomst frå risikro-område.

Helsedirektoratet har skjerpa tiltaka for å hindre smitte av koronaviruset. Regelen er no at alle som sjølv har vore i område med vedvarande smitte, skal halde seg i karantene heime i 14 dagar - også om ein ikkje har symptom på sjukdom. Regelen om heimekarantene har tilbakeverkande kraft og inkluderer alle som er komne tilbake frå risiko-område for mindre enn 14 dagar sidan.

Dette inneber at du ikkje skal gå på jobb elle skule og unngå nær kontakt med andre. Dersom du får symptom på smitte eller sjukdom, skal du kontakte lege.

Nytt frå 12. mars: også familiemedlemmar

Frå 12. mars blei det bestemt at også alle i husstanden skal i heimekarantene. Les meir om kva Folkehelseinstituttet meiner med heimekarantene.

Alle italienske regionar nord for Roma er no definerte som smitteområde. På Folkehelseinstituttet sine nettsider finn du meir informasjon om kva som vert rekna som risikoområde.

Dokumentasjon

Elevar og tilsette må kunne leggje fram dokumentasjon på reise/opphald i aktuelle område.