Korleis kan næringslivet på Vestlandet få til grøn omstilling?

Bedrifter som lukkast med grøn omstilling er kjenneteikna av open bedriftskultur, risikovilje og evne til å hente inspirasjon og kunnskap internasjonalt og frå andre bransjar. Dette bør få innverknad på den regionale næringspolitikken, meiner professor Stig-Erik Jakobsen.

GRØN OMSTILLING: Også innan havbruk blir det stort behov for grøne produkt og prosessinnovasjonar i åra som kjem.
GRØN OMSTILLING: Også innan havbruk blir det stort behov for grøne produkt og prosessinnovasjonar i åra som kjem.

Dette er noko av det forskarane har komme fram til i det treårige forskingsprosjektet «Drivers of regional economic restructuring», som handlar om innovasjon og omstilling i næringslivet på Vestlandet. Vestland fylkeskommune har vore med å finansiere prosjektet gjennom det regionale forskingsfondet.

På fredag blei funna frå prosjektet presentert på konferansen «Smart berekraftig omstilling på Vestlandet». Bakgrunnen for det nyleg avslutta forskingsprosjektet var oljekrisa som trefte regionen med full tyngd i 2014. Forskarane ville mellom anna finne ut korleis oljeprisfallet påverka næringslivet i regionen. Kven har lukkast med innovasjon og orientering mot nye marknader? Kva er vilkåra for vellukka omstilling? Kva kan politikarane og kunnskapsinstitusjonane bidra med og korleis ser eit treffsikkert verkemiddelapparat ut?

- I ein så oljeavhengig region som Vestlandet går omstillingstakten opp når oljeprisen går ned. Sånn sett kan ein håpe at oljeprisen ikkje når gamle høgder igjen, for det kan vere til hinder for å nå politiske mål om grøn omstilling, seier Stig-Erik Jakobsen.

Jakobsen er professor ved Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling ved høgskulen og har leia forskingsprosjektet.

Dei opne og kunnskapshungrige innoverer

Jakobsen og kollegaene har blant anna undersøkt 1200 bedrifter i Noreg for å finne fellestrekka mellom dei som hadde gjennomført såkalla grøne innovasjonar i løpet av dei tre siste åra. Dette kan vere enten produktinnovasjonar der ein lagar nye produkt som gir ein miljøgevinst for brukarane, eller prosessinnovasjonar som gjer at sjølve produksjonen vert meir miljøvennleg.

- Sentrale kjenneteikn var ein open og endringsorientert bedriftskultur; internasjonalt samarbeid som ga ny kunnskap; og vilje og evne til å hente inspirasjon frå andre bransjar. Naturleg nok var det også ein fordel å ha god økonomi i utgangspunktet. Det var vel Erna Solberg som sa at det er vanskeleg å få til grøn omstilling med raud botnlinje, seier Jakobsen.

Forskarane fann at bedrifter på Vestlandet i nokon større grad enn bedrifter elles i landet hadde gjennomført produktinnovasjonar etter oljekrisa. For prosessinnovasjonar var biletet motsett.

- Skilnadene mellom Vestlandet og resten av landet var ikkje store, men tala tyder på eit behov for å orientere seg mot nye moglegheiter her vest. Dei som driv med grøn produktinnovasjon er gjerne moglegheitsorienterte, medan prosessinnovasjon meir er driven av ei ansvarsorientering der ein produserer det same som før, men på ein meir miljøvennleg måte, seier Jakobsen.

Må eksperimentere og ta risiko

Kva kan så politikarane bidra med for å støtte grøn omstilling i næringslivet? Ikkje så reint lite, skal vi tru Jakobsen.

- Bedrifter som vil innovere og prøve seg i nye bransjar må nødvendigvis eksperimentere og ta risiko. Eg trur politikarane må vere villige til å eksperimentere med verkemidla også. I tillegg må dei bidra til å skape nye grøne marknader, slik dei for så vidt gjer i dag med anbodspolitikken for ferjetrafikken og med planlagt milliardstøtte til karbonfangst og -lagring, seier han.

Jakobsen meiner vidare at politikarane kan legge til rette for at teknologi, innsikt og rammar frå olje- og gassnæringa kan brukast i nye bransjar.

- Og så må det vere samanheng mellom politikken regional og nasjonalt. Viss Vestland fylke jobbar for eit nullutsleppssamfunn, kan ikkje staten samtidig dele ut ei rekke nye leitelisensar for olje og gass, meiner han.

Lure vegar til smart spesialisering

Forskarane har også sett på korleis ein best kan legge til rette for smart spesialisering her på Vestlandet. Smart spesialisering er EU, OECD og den norske regjeringa sin tilrådde politikk for regional vekst og utvikling. Utgangspunktet er at alle regionar har særeigne moglegheiter og ulike føresetnader for næringsutvikling. Smart spesialisering handlar om å utnytte desse skilnadene og skreddarsy ein næringspolitikk tilpassa kvart enkelt region.

Gjennom forskingsprosjektet har professor Rune Dahl Fitjar og førsteamanuensis Silje Haus Reve ved UiS gjort omfattande analyser av næringsmønsteret på Vestlandet. Ikkje berre i landsdelen som heilskap, men også i mindre regionar som blant anna Sogn, Jæren, Bergens-regionen, Stavanger-regionen og Haugalandet.

Omstilling er ifølgje forskarane lettast å få til viss en siktar mot næringar som er nært beslekta med bransjar der regionen allereie er god. For eksempel kan sensorteknologi frå olje- og gassnæringa ha stor relevans i utvikling av miljøovervakingsteknologi for havbruksnæringa. Dei som lagar ein type framdriftssystem for båtar, kan snu seg rundt og bruke batteriteknologi i staden.

- Den lettaste måten å oppnå diversifisering og mangfald på, er å gå for beslekta mangfald, seier Fitjar.

Gunstig for dei små å teste nye bransjar

Forskinga viser også at det er beint fram gunstig for små og mellomstore bedrifter – som utgjer 99 % av alle bedrifter i Noreg – å gå inn i nye bransjar. Færøvik har studert data frå 1187 slike bedrifter og funne mange positive effektar av å «innovere på tvers».

Av bedrifter som hadde gjennomført eit sal på ein ny marknad dei siste tre åra, hadde 62 % fått fleire tilsette. Så mykje som 11 % hadde faktisk bytta beite og fått ein heilt ny hovudmarknad for produkta sine.

På konferansen kom stipendiat Kaya Haugland Færøvik også med ei klar oppmoding til politikarane:

- Mange av verkemidla vi har i dag, er innretta mot éin og éin bransje. Vi treng verkemiddel som legg betre til rette for innovasjon på tvers av bransjar.

Viktig grunnlag for regionalt planarbeid

Kathrin Jakobsen, som er seksjonsleiar for forsking, internasjonalisering og analyse i Vestland fylkeskommune, meiner forskinga er viktig for mange som arbeider med omstilling av næringslivet på Vestlandet.

- I fylkeskommunen er vi veldig nøgde med det som har kome ut av forskingsprosjektet. Kunnskapen er ikkje berre matnyttig for oss som skal lage planar for næringsutvikling og for verkemiddelaktørane, men også for bedriftene sjølve, som har fått ny innsikt i kva som skal til for å lukkast med å omstille. Dessutan har vi fått eit vesentleg bidrag til eit felles kunnskapsgrunnlag for vidare utvikling av ein innovasjons- og næringspolitikk for regionen, som er eit arbeid som må skje i samarbeid mellom akademia, offentleg sektor og næringslivet, seier Jakobsen.

Ho fortel at Vestland fylkeskommune er midt i ein prosess som skal munne ut i ein ny plan med eit tiårsperspektiv for innovasjon og næringsutvikling i fylket:

- Difor har det vore viktig for oss både å avdekke næringsområde med vekstpotensial og å få innspel om korleis den offentlege verktøykassa kan bli enda betre. Manglar vi verkemiddel som forskinga viser at det er sterkt behov for? Er det gode verkemiddel vi allereie har som kan forsterkast ytterlegare? Må vi samkøyre offentlege verkemiddel betre?

Ifølgje Jakobsen blir det særleg viktig for Vestland fylke framover å gripe moglegheitene i dei nye grøne verdikjedene som oppstår innanfor blant anna grøn skipsfart, berekraftig reiseliv, sjømat og havbruk; og energiteknologi og energisystem. Det siste omfattar til dømes produksjon og bruk av hydrogen, lagring og nyttiggjering av CO2, batteriteknologi og havvind.

- Vi må bygge vidare på eksisterande næringar som olje- og gass, sjømat, maritim industri og prosessindustri, der vi allereie er verdsleiande. Her har Vestland både naturgitte og kompetansemessige fortrinn i form av råvaretilgang, kunnskaps- og forskingsmiljø, industriell kompetanse og infrastruktur. Spesielt teknologi og kompetanse frå olje- og gassnæringa blir viktig for å skape vekst i nye verdikjeder og for å auke eksportinntektene i fylket, seier ho.