Knarvik til topps i fylkesmeisterskap

– Vi vart overraska over at vi vann. Alle var veldig flinke, seier Vilde Skjold (t.v.) og Julie Ohlstad Kvamme som vann fylkesmeisterskapen for vidaregåande skular i klassen barne- og ungdomsarbeidarar.

GLEDE: – Det skal bli gøy å reise til NM, seier Vilde Skjold (t.v.) og Julie Ohlstad Kvamme som er fylkesmeistrar i barne- og ungdomsarbeidarfaget for elevar i den vidaregåande skulen.
GLEDE: – Det skal bli gøy å reise til NM, seier Vilde Skjold (t.v.) og Julie Ohlstad Kvamme som er fylkesmeistrar i barne- og ungdomsarbeidarfaget for elevar i den vidaregåande skulen.

Fylkesmeisterskapen er for elevar i andre klasse på vidaregåande skule. Vilde Skjold og Julie Ohlstad Kvamme er elevar på Knarvik vidaregåande skule. To elevar frå same skule gjekk og til topps i fylkesmeisterskapen for elevar på vg2 i helsearbeidararfaget, som vart skipa til parallelt.

– Vi vart litt skuffa fordi vi ikkje fekk gjort oss ferdig med presentasjonen då tida var ute, så det var overraskande at vi vann, seier Sofie Marøy og Ingrid Mjelde Myhr som går i andre klasse på TAF helsearbeidarfaget ved Knarvik vidaregåande skule.

Ingrid Mjelde Myhr (t.v.) og Sofie Marøy gjekk heilt til topps i fylkesmeisterskapen i helsearbeidarfaget for elevar i vidaregåande skule.

Til NM i Mandal

Alle fire skal dermed representere Vestland fylke i noregsmeisterskapen i Mandal i april.

– Det blir gøy å reise til NM. Vi blir fire frå skulen, så vi kan støtte kvarandre, seier dei fire elevane.

Fylkesmeisterskapen for dei vidaregåande skulane i Vestland vart skipa til i Knarvik med 24 deltakarar, 12 lag med to på kvart lag. Det var seks lag i kvar av meisterskapane.

Vilde Skjold og Julie Ohlstad Kvamme fekk skryt av dommarane for fint samspel med barna og godt kroppsspråk. (foto: Ingeborg Hole)

Flinke elevar – gode lærarar

– Det var tøff konkurranse. Alle hadde fortent å vinne. Elevane i klassen støtta oss. Knarvik har flinke elevar og gode lærarar, seier Vilde Skjold og Julie Ohlstad Kvamme. Vilde skal til sommaren ut i lære, mens Julie skal ta påbygg og få studiekompetanse.

Sofie Marøy og Ingrid Mjelde Myhr går andre året på TAF helsefag, som er ei utdanning over fire år som inkluderer lære. Sofie går i lære i heimesjukepleien, mens Ingrid har læretida i bufellesskap.

Gjere innsats for andre

Frå Askøy videregående skole deltok Ronja Dyrdal i helsefag.

– Vi likar å gjere ein innsats for andre. Dette er eit spennande yrkesfelt. Det er nyttig å lære om menneskekroppen og jobbe med menneske. Dei eldre har mykje kunnskap som dei kan lære oss, seier dei. Begge skal ta påbygg på Askøy videregående skole komande skuleår.

– Eg vil bli sjukepleiar, seier Ronja Dyrdal.

350 elevar var publikum under fylkesmeisterskapen for elevar i den vidaregåande skulen.

Krevjande konkurranse

Dette var første gongen Knarvik vidaregåande skule skipa til fylkesmeisterskapen.

– Det er stort for oss å ha dette. Dette er ein krevjande konkurranse der elevane må trene og kvalifisere seg. Det er svært høgt nivå på elevane. Først var det interne konkurransar på kvar skule, seier avdelingsleiar Patrick D’Incan ved Knarvik vidaregåande skule.

Alle deltakarane marsjerte inn til konkurransen i fylkesmeisterskapen i barne- og ungdomsarbeidarfaget og helsearbeidarfaget.

Publikum

Meisterskapen vart skipa til i kyrkja der 350 elevar følgte konkurransen. Elevar på tilrettelagt opplæring hadde laga til mat, og elevar på dramalina ved Fyllingsdalen videregående skole underheldt.