Klimathon2020: Diskuterte klimarisiko og fann løysingar

Korleis kan vestlandsbygder møte klimautfordringar knytt til ekstremvêr, ras, flaum og sviktande turisme? Og korleis kan nye samarbeid i transportnæringa drive fram utsleppskutt?

SJÅ RESULTATA: Alle som er interessert kan sjå kva deltakarane på årets Klimathon kom fram til og stille dei spørsmål. Det skjer på eit digitalt arrangement tysdag 1. desember.
SJÅ RESULTATA: Alle som er interessert kan sjå kva deltakarane på årets Klimathon kom fram til og stille dei spørsmål. Det skjer på eit digitalt arrangement tysdag 1. desember.

Det var noko av det gruppene presenterte løysingar for på Klimathon2020.

Arrangementet, som i år var digitalt, samla om lag 60 deltakarar frå kommunar, fylke, konsulentselskap, forskingsmiljø og statlege organisasjonar i heile landet. Over to dagar i førre veke, jobba dei saman i grupper på tvers av fag, sektor og nivå. Målet var å utvikle løysingar og strategiar for handtering av klimarisiko og klimatilpassing i norske kommunar. Alle desse løysingane vil bli presentert i eit eige digitalt arrangement 1. desember.

Kan planarbeid redde verda?

Klimathon er eit arrangement inspirert av IT-miljøa sine hackaton. Dette inneber at deltakarane arbeider i grupper, og at kvar gruppe samarbeider konsentrert mot eit felles mål. Å finne gode løysingar og samhandle på nye måtar står sentralt. I år har deltakarane jobba spesielt med korleis kommunar i samarbeid med lokalt næringsliv kan finne løysingar for å handtere klimarisiko utover dagens verkemidlar, og korleis vurderingar av klimarisiko betre kan integrerast i planprosessane. Klimarisiko kan for eksempel vere risikoen ulike næringar opplever i overgangen til eit grønare samfunn med mindre utslepp.

Men kan planarbeid redde verda?

- Ja, sa fylkesvaraordførar Natalia Golis i sitt opningsinnlegg.

- Planarbeid handlar om korleis vi initierer politikk og finn dei gode løysingane.

Ho viste til utviklingsplanen for Vestland som blei vedtatt i haust. Det er ein overordna plan for heile fylket og skal vere eit signal, og ein rettleiar for korleis kommunane skal finne løysingar i sine planar. Klimaomstilling er eit viktig tema i utviklingsplanen.

- Planen seier at klima og miljø skal vere eit premiss for samfunnsutviklinga i heile fylket. Målet er å bli eit nullutsleppsfylke innan 2030, så det er kort tid og mykje å ta tak i for å nå målet, seier Golis som understrekar kor sentral sjølve planlegginga er i ein slik omstillingsprosess.

- Derfor er arrangement som Klimathon viktige.

Korleis få til næringsdrivne utsleppskutt?

Ei av arbeidsgruppene identifiserte transport- og logistikkbransjen som ei næring der det er mykje å hente. Overgangen til å bli eit lågutsleppssamfunn inneber tøffe omstillingar for denne bransjen. Det viser seg også at bruken av biodrivstoff berre kuttar utslepp med om lag 50 prosent. Aktørar i transportbransjen kan dermed ha investert betydelege summar i noko som berre er ei midlertidig løysing på vegen mot nullutsleppsamfunnet.

På Klimathon blei det presentert eit tiltak der transportbransjen sjølv kan bidra til løysingar for utsleppskutt. For å kome raskt vidare foreslår gruppa å bruke det eksisterande programmet 2030 Bergen. Dette er ein arena der forskjellege næringar kan få løyst sine såkalla klimahovudpiner saman med andre ekspertar på området. Her kan dei saman identifisere problem og moglegheiter som gjeld overgangen til lågare utslepp, og prøve å løyse dette. Ettersom 2030 Bergen var representert i arbeidsgruppa på Klimathon var dei allereie no klar til å sette planen ut i live.

Klimarisiko i kommunane

For fleire av dei andre gruppene på Klimathon handla løysingane om planlegging på kommunalt nivå. Fleire grupper såg på korleis klimarisiko i form av mellom anna meir ekstremvêr og overgangen til grønare næringar har påverknad på lokalsamfunnet, til dømes korleis klimaendringar og snøfattige vintre kan føre til færre turistar i framtida, eller tørke som gir utfordringar i landbruket. Kva er akseptabel risiko og kva moglegheiter ligg i omstillinga til lågutsleppssamfunnet? Dette var nokon av spørsmåla som vart drøfta.

Samhandling vert av fleire grupper peikt på som viktig, det å involvere bredt i utviklinga av strategiar for samfunnsutvikling. Både innbyggjarar og næringslivsaktørar må vere med på laget, både for å drøfte klimarisiko og å vere med å identifisere smarte løysingar for å møte dei utfordringane og moglegheitene omstillinga gir. Mellom anna har Voss Herad hatt god erfaring med BygdeLAB i planprosessar, som er eit opent bygdelaboratorium for medverking og kreative aktivitetar. Her kan alle innbyggjarar vere med å forme framtida til sin stad og få informasjon om kva som skjer. Dette er noko ein vil utvikle vidare.

Digitalt samhold

Klimathon er finansiert av Vestland fylkeskommune, NORCE, og Noradapt – Norsk senter for berekraftig klimatilpasning i tett samarbeid med CET-senteret, Bjerknessenteret ved UiB, og Konsulent Stiller-Reeve.

Mathew Stiller-Reeve, som er leiar i organisasjonskomitéen for Klimathon, seier at klimautfordringane er komplekse og krev samarbeid for å løysast.

- Styrken med Klimathon-modellen er deltakinga på tvers av sektor, fag og nivå. Alle har ulike ståstadar i møtet med klimaproblema. Samtidig må dei finne gode felles løysingar.

Han er svært positivt overraska over Klimathon2020 og at det er mogleg å skape samhold via digitale kanalar på denne måten, sjølv om alt føregår på skjermen.

- Å få til dette krev grundig planlegging, men det viser også at det digitale ikkje står i vegen for å komme vidare i dei viktige temaa Klimathon arbeider med, seier han.

Sjå resultata

Tysdag 1. desember kan alle som er interesserte i sjå resultata frå årets Klimathon, delta på eit enkelt, interaktivt oppfølgingsarrangement. Du treng ikkje å registrere deg, berre gå til: bit.ly/klimathon2020del2.

På denne nettsida vil du finne alle gruppene sine løysingar og det er mogleg å vere med å drøfte utfordringane og løysingane som dei har jobba seg fram til. Alt skjer i kommentarfelta under kvar resultatplakat. Tittar du innom frå kl. 10 til kl. 12 denne dagen, kan du chatte direkte med gruppene og andre interesserte. Resultata vil også liggje tilgjengeleg på nettsida etter 1. desember.